Arbeidslaget: Rune Kristensen Strånd (f.v.), Geir Betten, Jan Olav Kollberg jobbar alle i Å.K.B. Bygg, medan dei leiger inn Olav Einar Strånd på ulike oppdrag.

– Me forventa at det var verre enn det såg ut, og det var det

Då dei stengde dørene i haust på Dalen hotell rigga Jan Olav Kollberg og resten av gjengen i Å.K.B. Bygg opp stillas inne og ute på hotellet. Taket måtte skiftast, og nå er arbeidet godt i gang.

– Det var veldig mykje ròte i den berande konstruksjonen på grunn av lekkasje, fortel Jan Olav Kollberg.

Han meiner det tyder på at det har vore ròte ei god stund.

Artikkelen held fram under annonsen.

I haust vart det kjent at Dalen hotell som stod ferdig i 1894 fekk ein million av Kulturminnefondet til utskifting og reparasjonar av taket. Arbeidet på taket er planlagt i fleire etappar, og prislappen på det totale arbeidet er berekna til 11,6 millionar.

Nå er Å.K.B. Bygg godt i gang med den fyrste delen av arbeidet som er berekna til 5,6 millionar. Tokke kommune har også støtta arbeidet med 450 000 kroner.

Les også
Hotellet er stengt etter ein travel sommarsesong. Med gjestene borte har stillasa kome opp. Både ute og inne.

– Ingen fasit

Å.K.B. Bygg er eigd av Åge Åmot, Jan Olav Kollberg og Geir Betten. Medan Rune Kristensen Strånd var ferdig som lærling i mai og framleis arbeider i firmaet, og Olav Einar Strånd blir leigd inn på ulike oppdrag.

Kollberg har gjort mykje forskjellig arbeid på det gamle hotellet på Dalen gjennom fleire tiår, og er det sjølvsagde valet for hotelleigar Thor Morten Halvorsen når han skal ha tømrararbeid utført på hotellet.

Lærerikt med dei gamle bygga: – Det er ingen fasit, fortel Geir Betten om arbeidet på hotellet frå 1894.

Firmaet jobbar berre lokalt, og tek på seg ulike type oppdrag, både tilbygg og nybygg. Men det er noko eiget med dei gamle bygga.

– Det er interessant. Det er ingen fasit, seier Betten.

– Alt er «custom made» og ingenting er standard, seier Kollberg.

– Eg er nok mest glad i dei gamle bygga. Ein får knekt seg litt. På nye hus er det mange med å planlegg, medan her må ein gjere meir undervegs så ein får brukt kunnskapen sin på ein annan måte. Det er ikkje noko «einmannsshow» – det er viktig å bruke alle hovuda som er her, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når dei gjer utbetringar på det gamle hotellet skal det likevel sjå autentisk ut.

– Me skal gjere ein jobb, og etterpå skal ein ikkje sjå at me har vore her, seier Kollberg.

Forbetringar: Jan Olav Kollberg kjenner Dalen hotell godt. I vinter blir taket over spisesalen og kjøkkenet skifta ut.

Tretten viktige centimeter

Det er vasslekkasjar som er årsaka til ròte, også i den berande konstruksjonen, på bygget. Det har ført til svikt i dei berande konstruksjonane, men nå blir det som er ròte bytta ut, og konstruksjonen forsterka.

– Her set me inn nye strekkfiskar i stål. Dei toler 16 tonn kvar, viser Kollberg.

Det var særleg taket over spisesalen som hadde byrja å søkke saman. Det har dei jekka opp. Totalt tretten centimeter. I løpet av veka skal dei sleppe opp jekkane.

– Og om det ikkje held?

– Det er ikkje eit alternativ, ler Kollberg.

I ornamenta i spisesalen har det lenge vore sprekkar fordi taket har gjeve etter. Og før Kollberg og kollegaene byrja arbeidet i haust kunne ein sjå den store glipa mellom golv og vegg i andre etasje. Den er nå borte. I haust var dei spente på kva som venta når dei sette i gang – eit gamalt bygg kan gje mange overraskingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis var det då de opna opp?

– Me forventa at det var verre enn me såg, og det var det, fortel Kollberg.

Taket over kjøkkenet var heilt ròte, og alt vart bytta ut alt før jol. Nå arbeider dei i fløya der tenestefolket eller kuskane budde. Historiene seier litt forskjellig. Men snikkarane har funne nokre sikre spor.

– Eg støvsuga opp ein kilo med hårnåler her, så her må det i alle fall ha budd jenter, fortel Kollberg, og går inn eit lite rom som nå manglar både vegg og tak.

Fleire ting har dukka opp under arbeidet, noko kan gje oss nokre svar, andre ting spørsmål.

– Her er det ei kule, fortel Kollberg, og held ei kule i handflata.

Han kjenner til mange av historiene frå Dalen hotell, men kvifor det er eit brukt skot her, aner han ikkje.

Hotell-krim: Kva som kan vere historia bak korleis dette skotet hamna i «tenar-fløya» på Dalen hotell, kan setje fantasien i sving hos mange av oss.

Etter påske opnar den fasjonable 129-åringen for gjester frå inn- og utland. Då skal snikkararbeidet vere ferdig, for denne gong.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det ser ut til at me skal klare det. Det kan hende me gjer romma her oppe ferdig til hausten, men dei blir uansett ikkje brukt, seier Kollberg.

Budsjettet ser det også ut til at dei skal halde.

Skattejakt: Denne Oslo-avisa frå 1932 dukka opp frå ein vegg.