Markerer verdas bokdag

I meir enn 100 land vert Verdas bokdag markera den 23. april kvart år. Noreg er eitt av desse. Det er UNESCO som etablerte Verdas bokdag i 1995. Målet med denne dagen er å invitere til lesing og oppmode til leselyst.

Årsaka til at Verdas bokdag fell på nettopp denne datoen er at det i 1616 døydde tre store forfattarar den 23. April. Dette var William Shakespeare, Miguel de Cervantes og Inca Garcilaso de la Vega.

Kvifor lese?

Gjennom litteraturen kan vi gjere store reiser både i tid, samfunn, kultur, alder og mykje meir, medan vi sit trygt heime. Nå vi les skapar vi oss eigne bilde som ingen andre kan sjå. Vi får innsikt i ei ny verd, innblikk i andre liv og måtar å handtere utfordringar på. Slik kan vi få erfaring gjennom fiktive eller dokumentariske forteljingar, og dermed kjenne samanheng med menneske frå heilt andre tider og stader. Litteraturen bryt ned avstandar, kan bygge opp menneske og bidra til at ein kjenner seg mindre aleine om kvardagslege problemstillingar. Det er ein grunn til at Ibsen og Shakespears stykke framleis blir spilt verda over. Likeins lever visdomen til dei klassiske filosofane vidare fordi dei inneheld sanningar som framleis angår oss som lever i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forskarar ved t.d. Universitetet i Stavanger har vist at høgtlesing bidrar til betre språkforståing, samtidig som forteljingane det gjev ungane verktøy til å handtere nye situasjonar. I tillegg er høgtlesing med på å reduserer stress og skape tilknyting mellom barn og vaksne.

Det har vorte ein tradisjon å dele dikt, gje vekk ei rose eller ei bok på Verdas bokdag.

Utvalde bøker

Biblioteksjefar i Vest Telemark ynskjer å markere Verdas bokdag ved å stimulere til leselyst. Derfor vil dei presentere ulike bøker for VTB sine lesarar her.

Lene S. Breidalen, Vinje folkebibliotek

Usynlige kvinner: Hvorfor vi lever i en verden designet for menn, Caroline Criado Perez

«Mesteparten av menneskets nedskrevne historie er preget av en eneste stor datamangel». Slik byrjar Perez sin analyse av menneskesamfunnet, der kvinner systematisk har blitt ignorert eller diskriminert i hundrevis av år. Og kanskje verst av alt, der skjer framleis. Til og med i moderne land der tanken om likestilling står sterkt. Nokre gonger skjer det med vilje, men som oftast er det tankelaust gjort. Eit resultat av eldgamle tankesett og tradisjonar. Ein tradisjon der mannen blir favorisert, og dermed ender opp som representant for kva som er eit menneske eller ein gjennomsnittleg person. Men realiteten er at menn er menn, og kvinner er kvinner. Fysiologisk sett svært ulike, og ofte med ulike prioriteringar og behov. Men kunnskap knytt til kvinner er mangelfulle, så dei overveldande historiske kunnskapane om menn blir basis for forsking, utvikling, politikk og leiing. Perez si bok gir mange gode og tankevekkjande eksempel på dette, fortalt og forklart med vidd og innsikt, og sett inn i eit breiare verdsperspektiv. Kva er det som avgjer storleiken på mobilen din? Kvifor blir verktøy framleis designa til å passe i handa til ein mann? Kvifor blir nye legestudentar undervist i å kjenne att symptom på sjukdom som berre er synleg hos menn, medan kvinner kan ha heilt andre symptom? Og kva gjer at kvinner har 47 % større sjanse for å bli alvorleg skadd i ein bilulykke? Svaret er skuffande enkelt: Utforminga. Små justeringar kunne gjort livet enklare for milliardar av kvinner verden over, men så langt ser vegen ut til å vere lang. I staden for å lage løysningar som kan gagne begge kjønn, vert det kvinnelege perspektivet stadig ignorert og oversett. Er det ikkje heller tida for ein endring?

Christian Utigard, Fyresdal bibliotek

Hjartet i skalkeskjulet, Gunnhild Øyehaug

Artikkelen held fram under annonsen.

For den som har travle dagar og kanskje til og med har byrja våronna i det små vil eg føreslå ein sjanger som ofte går litt i gløymselen, kanskje saman med kåseriet - nemleg, essays. Korte tekststykkje som likevel er proppfulle av observasjonar og intellektuelt påfyll. Øyehaug har eit auge for mange slags ting. I denne samlinga får me sjå kunst gjennom tankane og referansane hennar. I frå Giacometti og Kiefer Anselms kunst til musikkvideodansinga til Kate Bush og ulike tolkingar av månen i Nikolai Astrups måleri. Bak forfattaren som har skrive særdeles gode romanar som «Vente, blinke» og «Undis Brekke» er Øyehaug også litteraturvitar, spaltist og kritikar. Noko som aukar leseopplevinga i denne mangefasetterte boka er at Øyehaug ikkje er redd for å gå inn i materialet, ho er ikkje redd for å ha med namn som kanskje er ukjende for oss. Ho oppmodar til sjølvstudium. Oskeladdens femte hjelpar, han med sjumilssteg, vart eit bilete på entusiasme, korleis han må haldast fast for å ikkje fly avstad med det same. Det høyrast rart og smalt ut, det er eg klar over, men med den omkringliggande teksten og tankane rundt gjev det meining og større grunnlag for vidare tankeknuging hjå lesaren. Kva er entusiasme, kva er hysteri? Svaret får me halvvegs her, resten må me sjølve tyggje på.

Om du ikkje er fortruleg med kunstverk og kunstnarar og forfattarnamn, sjå på det som ei reise eller som ein tur på museum. Du kan kikke litt på veggane, velgje deg ut det som ser mest interessant ut. Kanskje også lese nokre tekstplakatar på kunst du over hovudet ikkje er interessert i, for syns skuld? Du vil lære noko likevel, og det er kanskje det som er så fint med denne samlinga. Det er lov å la seg bergta av Astrup, av Munch, av Schubert – ja til og med Trond Viggo Torgersen. Øyehaug syner deg korleis. Ikkje berre gjennom smale litteraturvitskaplege augo, men gjennom små drypp av hendingar frå hennar kvardag, hennar fortidige minne og om von mot framtida.

Kanskje du no med nye briller og nokre verktøy synt fram kan gå inn i bøker og filmar du sjølv likar godt og finne nye groper å klatre inn i. Du rekk lett eitt essay medan du ladar bilen på veg til hytta eller medan lasagnaen gratinerar seg.

Sigrid K. Nesland Vejen, Nissedal bibliotek

Siste sats, Robert Seethaler

Om du ynskjer ei stor leseoppleving, men ikkje har tid til å lese ein tjukk roman så gjer du eit godt val i å velje «Siste sats» av Robert Seethaler. Boka er eit vakkert bilete av den dødssjuke komponisten Gustav Mahler. Mahler er om bord på dampskipet på veg frå Amerika til Europa. Han vil heim for å døy. Medan han sit ute på dekk, plaga av store smerter tenkjer han attende på livet sitt. Det er minne prega av venleik, anger og vemod.

Språket er utruleg vakkert og framifrå og er i seg sjølv grunn til å ville lese boka fleire gonger. Ute Neumann har gitt boka eit språk og tone som passar godt.

Robert Seethaler er ein forfattar og skodespelar frå Austerrike. Seethaler har hatt stor internasjonal suksess med fleire av sine romanar. Fleire av tekstane er omsett til andre språk, mellom anna til norsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingeborg Nenseter Jensen, Seljord bibliotek

Oskespiralen, Leander Djønne

Dersom du ikkje er av den lettskremde typen, kan romanen «Oskespiralen» av Leander Djønne kanskje vere noko for deg. Dette er Djønnes debutverk som kom ut på Oktober forlag hausten 2022.

Historia som blir fortald er mørk og dyster, men også viktig. Vi møter Faren, Sonen, Mora, Broren og Naboen som med kvar si forteljarstemme viser korleis dei lever sine dysfunksjonelle liv i ei grå og regntung vestlandsbygd. Liva deira er prega av makt og truslar, og vi skjønnar at det fører lite godt med seg. Historia går føre seg her og no, samtidig som den gjev glimt tilbake til tidlegare livshendingar som har prega hovudpersonane og er med på å forklare kvifor dei oppfører seg slik dei gjer.

Den eine sonen forsøker seg på frelse og familieliv, den andre slepp ut av fengsel etter å ha sona ei straff. Hemnen ligg klar og ventar på eit høve til å kome ut. Faren har eit uhemma raseri som han har bruka livet sitt på å ta ut på dei næraste. Det har kanskje og si forklaring.

Naturen, omgjevnadene, vegstandarden og garden – alt er mørkt, ugjestmildt og i ferd med å gå under. Dette er dommedag på nynorsk.

God lesing!