Ikkje lagt til rette: Marius Moldsvor (18) frå Senja går i vg2 på Kvitsund Gymnas og reagerer på at det er vanskeleg å bruke sitt eige skriftspråk. – Dei har ikkje lagt til rette for nynorskelevar slik det er no, seier han om Ungt Entreprenørskap.

Marius (18) fekk alle ressursane på bokmål. – Det tok fleire timar å omsetje

Då Marius Moldsvor fekk dokument til ungdomsbedrifta si måtte han først bruke fleire timar på å omsetje dei. Ungt Entreprenørskap tek dette med seg i evalueringa og håpar og kunne tilby fleire læremiddel på nynorsk.

Gjennom faget Entreprenørskap og bedriftsutvikling har Kvitsundelev Marius Moldsvor vore med i ungdomsbedrifta Holdern UB – ei nynorskbedrift som dei kallar seg.

Skriv nynorsk

– Skulen ligg i ein nynorskkommune og sjølv skriv eg nynorsk, seier Marius som har vore sekretær i bedrifta. Han fortel at mesteparten av tekstane dei har produserte har vore på nynorsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er organisasjonen Ungt Entreprenørskap (UE) som lagar ressursar og meisterskap for ungdomsbedrifter. På nettsida ungdomsbedrift.no kan ungdomsbedriftene finne dokument og ressursar som skal hjelpe dei og drifte bedrifta. Heile nettsida og alle dokumenta der er på bokmål. Det reagerer Moldsvor på.

– Ungdomsbedrift.no er ei nettside for elevar i heile landet og likevel vel UE å konsekvent bruke bokmål, seier Marius som fortel om at han har brukt fleire timar på å omsetje dokumenta.

Handlar om likestilling

Han meiner dette handlar om likestilling og at alle burde få læremiddel på si målform.

– UE sender eit sterkt negativt signal til landets nynorskelevar om at dei ikkje bryr seg, seier Moldsvor. I framtida håpar han det blir lettare å ha ei nynorskbedrift enn det er i dag.

Ann Iren Haugen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap i Vestfold og Telemark, seier språklova berre omfattar det offentlege.

– Som ideell foreining har me ikkje krav til å tilby ulike skriftspråk, seier ho og legg til at dei er avhengig av ekstern finansiering.

Ho rosar Moldsvor sitt initiativ og seier at det er slike initiativ som har gjort at dei no kan tilby eit klassesett på nynorsk for 4.–7. klasse.

Viktig innspel til evalueringa

– Nettsida ungdomsbedrift.no blei publisert for under eitt år sidan og skal derfor snart bli evaluert, seier Haugen som meiner at tilbakemeldinga frå Moldsvor er verdifull å ha med i evalueringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag meiner UE burde ta eit større ansvar sjølv om dei ikkje er omfatta av språklova:

– Nasjonale organisasjonar bør like fullt famne om heile Noreg og heile det norske språket, seier han.

Han meiner det er vanskeleg nok å vere nynorskelev i Noreg.

– Slike døme er med på å gjere det meir krevjande å vere nynorskelev. Dei møter alt for lite av språket sitt, også i klasserommet, seier Hauge.