Frå venstre: Mohammed Alkatta, Razaail Alkatta og Enas Alkatta.

Mangfaldig feiring av FN-dagen i Åmot

Markeringa av FN-dagen på Vinjehuset laurdag var prega av samarbeid med og inkludering.

FN-dagen 24. oktober har blitt markert sidan 1948 og set fokus på dei 17 berekraftsmåla landa har blitt einige om at det skal bli arbeidd med mot 2030. Berekraftsmål nummer 10, mindre ulikskap i verda, er noko arrangørane i Vinje ville markere særskilt denne dagen.

Eventyrstund

Folkeakademiet og Frivilligsentralen i Vinje stod bak arrangementet. Sekretær i Folkeakademiet, Signe Marie Kittelsaa, trur dagen har blitt markert i kommunen i minst 25 år. Programmet starta med Marianne Stenerud frå Folkeakademiet som fortalde eventyr for ungar i festsalen. Ved hjelp av enkle midlar fortalde ho ulike eventyr og stemninga var høg i salen.

Artikkelen held fram under annonsen.

FN-dagen: Marianne Stenerud fortalte blant anna ei spøkelseshistorie i eventyrstunda ho hadde.

Barna viktig

Kittelsaa understreka at arrangementet var gratis og at dei har fått 9000 kroner i støtte frå Folkeakademiet sentralt.

– Me har vald å ha eit stort fokus på barn denne gongen. Det er viktig at dei får vera kreative og ser samanhengar av det dei gjer. Og så er det viktig at dei lærer om andre kulturar. Dette går under internasjonalt samarbeid som er eitt av FNs berekraftsmål som vi set fokus på i dag, seier Kittelsaa.

Svingande rytmar av storband

Etter eventyrstund var det graut før ein hadde eventyrleg verkstad med ulike aktivitetar som måling, laging av andre kulturars pyntegjenstandar og lage pynteting av brukte ting. Altså gjenbruk av ting.

FN-dagen: Nokre av målarresultatet frå den «Eventyrlige verkstaden».

Nokon som gjorde det og som nytta denne dagen til å bli kjent med lokalsamfunnet var Martine Molde. Ho flytte hit for litt over eitt år sidan og hadde med seg barna sine for å dei skulle treffe venner også utanfor barnehagen.

– Det er viktig å støtte lokale arrangement og initiativ, sa Molde

Det heile vart avrunda av ein minikonsert med eit lite storbandorkester av musikarar frå Rauland og Edland musikkorps. Det var også noko det svinga av og som var eit populært innslag både for store og små.

FN-dagen: Storbandet som var sett saman for stunda spela til stor applaus og dansing frå barna.