Skular med nynorsk som hovudmål er redusert med 20 prosent på ti år, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet. Det dreier seg også om at nynorskskular er bygdeskular som blir lagde ned eller slått saman.Foto: NTB / NPK

Målskifte for barneskulen i Hjartdal

Onsdag vart det avgjord i kommunestyret at Hjartdal ungdomsskule byter frå nynorsk til bokmål.

Elevane i Hjartdal kommune har hatt nynorsk som hovudmål til og med ungdomsskulen. Det blir det ein slutt på frå hausten.

Onsdag avgjorde nemleg eit knapt fleirtal i kommunestyret at skulen skal gå over til bokmål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målforma har lenge vore eit heitt tema i kommunen.

Ei undersøking i regi av FAU på skulen tidlegare i år, viste at 85 prosent av foreldra og 77 prosent av elevane ønskte å byte ut nynorsken. Fleire elevar har valt å byte til bokmål då dei byrja på ungdomsskulen, ifølgje NRK.

I mars gjennomførte kommunen ei rådgivande folkeavstemming for å høyre kva bygdefolket meinte om saka. Den viste at eit lite fleirtal framleis ville behalde nynorsk som hovudmål.

Onsdag var det kommunepolitikarane som skulle ta den endelege avgjerda. Etter ein lang debatt stemde ni av representantane for å byte, medan åtte ville behalde nynorsk som hovudmål.

Ordførar Bengt Halvard Odden (Ap) stemde sjølv for bokmål, og er dermed nøgd med resultatet.

– Det er ei stor overvekt av elevar ved skulen som har søkt om og fått innvilga undervisning på bokmål. Det vi gjer no er eigentleg å tilpasse hovudregelen for opplæring i tråd med det elevane faktisk har hatt, kommenterer Odden til NRK.

(©NPK)