Lokale artistar: David Petrych på trekkspel, Trond Neri Flothyl på fele og Knut Tore Bratland på bass.

Lokale musikarar fylte festsalen. – Denne bygda har så mange flinke folk

Det var ikkje att ein einaste billett då lokale musikarar inviterte til jolekonsert i festsalen på Edland skule fredag.

Publisert Sist oppdatert

– Denne bygda har jo så mange flinke folk, både til å synge og spele, seier Ann Helen Sjøkvist.

Ho er ein av initiativtakarane til jolekonserten i Edland.

Det heile starta på ein konsert med kulturskulen i 2022, fortel ho. Då vart fire av mødrene sittande å snakke om at festsalen kunne trenge ei oppgradering. Det enda med ein søknad til Sparebankstiftelsen. Dei fekk 480.000 til nytt lyd- og lysanlegg, sceneteppe og gardiner. Og då dette var på plass i fjor fann dei ut at det måtte feirast med ein konsert før jol.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS