Kommunalt vorspiel: Jens Kihl fortalde om boka «Dette er også Noreg – kommunal feelgood» på Litteraturdagane i Vinje.

Litteraturfestival med metersmingling

Vesaas-foredraget blei omtala som tidenes beste, folk fekk eit annleis innblikk på Kommune-Noreg, laurdags-programmet blei krona med konsert av visedronninga Frida Ånnevik før Litteraturdagane blei avslutta i Vinje kyrkje sundag.

Årets Litteraturdagar i Vinje vart annleis, noko koronaen sytte for, men gjennomføre festivalen, det ville arrangørane uansett.

Ein nøgd dagleg leiar, Kristian Rantala, fortel at helgas arrangement gjekk i pluss og blei halde innanfor dei rammene som blei gjevne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alternativet om å avlyse, slik mange andre festivalar har gjort, ynskte me ikkje. Valet var heller om me skulle få til ein fysisk eller digital festival. Løysinga blei ein type begge delar. Dei 75 billettane med dagspass gjekk raskt, og i tillegg til andre gjester var det totalt 90 som gav tilbakemelding om at programmet var veldig bra. Og det meiner eg også, seier Rantala.

Han kunne, om han hadde fått høvet til det, selt mange fleire festivalpass. Og då Frida Ånnevik, gjekk på scenen laurdag kveld var det så mange fleire som gjerne skulle fått oppleve den lyriske og musikalske magien artisten med den særeigne stemma frå Ridabu delte saman med dyktige musikarar.

Kvaliteten fira dei ikkje på

Aasmund Nordstoga sytte for å sy dei to dagane med samtaler, foredrag og musikalsk program saman, på beste vis.

– Ikkje like fullstappa med program frå morgon til kveld som vanleg - men absolutt like litterært spennande, morosamt og engasjerande som vanleg. For kvaliteten den firar me ikkje på, sa Nordstoga då årets festival opna på Vinjehuset fredag.

Det var samtaler, foredrag, musikk og kringle. Metersingling og spriting av hender inn og ut av alle delar av Vinjehuset. Det var litterær samtale mellom Siri Helle, Kjartan Fløgstad og Simen Tveitereid leia av journalist og forfattar Jens Kihl, konsertframsyning av «Canciones de Cobre» med Kjartan Fløgstad, Per Arne Glorvigen og NyNorsk messingkvintett

– Vesaas-foredraget ved Tore Renberg har me fått svært gode tilbakemeldingar på. Det var morosamt og kult, og folk sa det var det aller beste Vesaas-foredraget dei noko sinne hadde høyrd, seier Rantala.

Konsert på Litteraturdagane: Frida Ånnevik

Strøymde sending frå festivalen

Nytt av året var det høve til å kjøpe tilgang til festivalen digitalt. Rantala seier at det vart selt om lag 30 tilgangar, i tillegg til grupper som fylgde straumen via internett kvar dag.

Å fylgje Litteraturdagane digitalt er noko Rantala ynskjer at dei gjer neste år også.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me nytta eit eksternt firma, og kvaliteten blei svært god. Om det blir eit vanleg arrangement neste år, veit me ikkje, men eg tenker at me uansett vil ha eit digitalt tilbod i tillegg til dei som av ulike grunnar ikkje fysisk kan vere til stades i Vinje under festivalen.

– Eg trur Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aasmund Olavsson Vinje har eit breiare publikum enn dei som kjem hit, både her i landet og utanfor Noregs grenser.

Rantala er også glad for at dei har gjort seg mange nyttige erfaringar etter å halde eit arrangement innanfor strenge koronareglar.

– Me har hausta mange erfaringar og sett kva grep me kan ta for å få til endå meir. Ein kunnskap som er nyttig for oss, og som kanskje fleire kan ha nytte av også, seier han.

Varma opp med kommunal feelgood

Laurdag fekk publikum bli betre kjent med Hanna Stoltenberg som i mars 2020 blei tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for sin fyrste roman, «Nada», før journalist og forfattar Jens Kihl presenterte boka «Dette er også Noreg – kommunal feelgood» på ein humoristisk og svært interessant og underhaldande måte.

Boka beskriv Kihl sjølv som litt konservativ.

– Boka er bekymra for om me skjønar kor fint me verkeleg har det her, om me skjønar korleis me skal ta vare på det. Me er i ei tid der ting endrar seg frykteleg fort, men for veldig mange handlar det om at det me har faktisk er veldig bra, meiner Kihl.

– Det var litt eksamenskjensle å stå på scenen her i kveld, innrømmer Kihl som gav ut boka bygd på kjenslene kommunesamanslåingsprosessen skapte over heile landet. Gjennom ei reise på kryss og tvers i heile landet, vitja han alle Noregs då 428 kommunar. Han møtte menneske som ikkje berre elska heimstaden sin, men som var brennande engasjerte i skule og arbeidsplassar. Han stilte spørsmålet; Er kommunereforma i ferd med å rasere det som gjer landet vårt så bra, eller er det nettopp slik me kan sikre gode lokalsamfunn for framtida?

Artikkelen held fram under annonsen.

Var stjerneduo med Nordstoga

Grunnen til Kihl si lett nervøse eksamenskjensle, var at Vinje kommune er ein av dei ni kommunane som har fått litt meir plass i boka.

– Grunnen til at eg valde Vinje er at eg kjenner kommunen litt betre enn andre kommunar. Eg har vore her ein del saman med mållaget og hadde mellom anna eit opplegg i alle barnehagen i kommunen saman med Olav Nordstoga. Han fortalde eventyr for borna medan eg hadde kurs for dei vaksne i nynorsk didiatik. Då følte eg at me var ein stjerneduo, smiler Kihl.

Han seier også at han som journalist, meinte det var viktig å vise fram kor viktig journalistikken er for demokratiet i bokutgjevinga der Vest-Telemark blad også blir omtala.

– Ingen lokalaviser er perfekte, men VTB er ei avis som har ein klar visjon og som prøvar noko. Det hadde eg lyst til å vise fram i boka. Eg følgde mellom anna Randi Berdal Hagen ein dag på jobb, noko som var innmari moro. Resten av livet vil eg kunne ein del om ombyttemodellen i Vinje kommune, som var hovudsak i kommunestyret den gongen eg var med henne på jobb, fortel Kihl.

Han seier at han etter å ha besøkt alle kommunane i Noreg, forstod at det han mangla var å bu ein annan stad enn Oslo.

– Så eg flytta til Bergen, og eg har tenkt at eg må flytte meir i Noreg, smiler han.

Årets litteraturdagar vart avslutta med festivalgudsteneste i Vinje kyrkje sundag med bidrag av mellom anna Aasmund Nordstoga og Stein Versto.

Litteraturdagane vart starta i 2001, og er eigd og drive av Vinje-senteret som ein del av Nynorsk kultursentrum. Arrangementet samla i 2019 heile 2859 gjester på ulike 40 arrangement i 4 kommunar.