Inviterer til Litteraturdagar: Vertskaps og programansvarleg Ingebjørg Nestestog Edland.

Litteraturdagane med motkultur på programmet

I år er temaet for Litteraturdagane «Motkultur», med fokus på motmakt og nynorsk presse.

– Me ynskjer å tematisere dei forteljingane som ikkje får omtale, eller som må kjempe for ein plass i den offentlege samtalen, seier arenaleiar Petra Helgesen.

Motkultur er eit viktig tema for Vinjesenteret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei motkulturelle kreftene i det norske samfunnet har vore ein viktig del av norsk demokrati sidan starten av 1800-talet. Den nynorske målrørsla er ei av dei eldste motkulturelle rørslene i Noreg som framleis held koken, seier Helgesen. Ho peikar vidare på at Vinjesenteret skal ta vare på arven frå A.O. Vinje, som var ein motkulturell kraft i si tid.

– Han var aldri redd for å motseie makthavarane eller kritisere dei dominerande kulturelle strøymingane, fortel ho.

Litterær og journalistisk motkultur

I år inviterer Litteraturdagane til festivalstart torsdag ettermiddag med eit spennande program på Raulandsakademiet. Programmet skal ta for seg folkemusikken som motkultur, og er eit samarbeid med Universitetet i Søraust-Norge.

Fredag blir festivaldeltakarane invitert til Vinjesenteret og Vinjar, til eit program der forteljingane er i fokus. Korleis gjev nynorske lokalaviser rom for forteljingane? Her samarbeider Litteraturdagane med Vest-Telemark blad, lokalavisa som har 50-årsjubileum i 2023. Fredagen vil også innehalde eit heimlengt-tema, der ulike journalistar og forfattarar skal samtale om å flytte ut i distrikta som ein del av ein motkultur.

Laurdag er det festivalprogram i Vinjar på dagen og i Edland på kvelden. Programmet har fokus på motmakt og motstand, både i distriktsopprør og anna konflikt.

– Korleis uttrykk for motstand kjem fram i romanar, dikt og film blir vektlagt denne dagen, seier vertskaps- og programansvarleg Ingebjørg Nestestog Edland.

Tradisjonen tru vil også den høgtidelege utdelinga av Storegutprisen skje under festkvelden i Edland på laurdagen.

Programpostane i Litteraturdagane 24. — 27. august 2023 blir slopne i sin heilskap dei neste vekene.