På samling: Anja Rinden stortrivst på babytrall saman med barna Thea (t.h.) og Tiril Rinden Rui.

– Like mykje ein sosial møtestad som det er musikk for borna

Anja Rinden (33) er ei av mødrene som tar med seg jentungane sine på helsestasjonen i Åmot ein gong i veka for at dei skal få musikk å lytte til og for å treffe andre barn på babytralling.

Helsesjukepleiar Bibbi Tveito i Vinje kommune og frivillig Nina Rostin Svendsen er dei som har dette arrangementet. Dei ser store verdiar i samarbeidet. Svendsen har mellomfag i musikk frå universitetet, så spedbarna er i dei beste hender. Musikkreportaret som blir spelt/sunge er alt frå gamle barnesongar og -regler til boogiewoogie.

Eit viktig tiltak

– Babytrallinga er eitt av dei viktigaste tiltaka me har på helsestasjonen ovanfor barna i kommunen vår. Det er eit lågterskeltilbod der det berre å kome innom utan påmelding. Dessutan er det gratis, fortel Tveito.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svendsen er representant for organisasjonen «Musikk frå livets begynnelse», som arrangerer samlingar og liknande med musikk for barn i alderen 0-6 år. Då VTB var innom i Åmot, så var det mange mødrer og fedrar som hadde møtt opp for å gje spedbarna sine ei musikalsk oppleving.

Men det var ikkje berre spedbarn som var der. Nokre eldre barn var der også og var saman med syskena sine og hadde stor glede av samværet. Graden av kor stor innleving spedbarna viste, varierte. Nokon var heilt med, medan andre var litt meir skeptiske og utforska verda rundt seg til musikken. Bestemødrer var der også saman med barnebarna sine. Treffet vert også lagt til eldreheimen i Åmot av og til, der dei eldre får vere med. Det er populært.

Sosial trening

Det har vorte ein tradisjon med babytrallinga i Åmot. Tilbodet har vart lenge og opnar sansane for spedbarna. Dei har glede av musikk og det er eit felles språk. Kultur bind oss menneske saman, og slik er det også for desse spedborna.

– Eg gjer dette fordi det veldig triveleg, oppbyggjande for både for meg sjølv og barna, seier Svendsen.

– Helsestasjonen ser også på dette som førebyggjande. Ein ting er musikken som vert presentert og impulsane det gjev, men like viktig er den sosiale læringa dette gjev spedbarna. Dei får sosial trening og meistringsfølelse, uttrykkjer Tveito til VTB.

Anja Rinden er ein av dei som set stor pris på denne samlinga dei har kvar tysdag. For ho er det viktig å presentere barna sine for musikk samt diskutere og prate med mødrer i same situasjon om det å ha barn. Det bli ofte gjort på kafeen Kakeringen, der deltakarane møtest etter samlinga.

Kosar seg: Kaffi og sosial samling på Kakeringen etter treffet på helsestasjonen.

– Eg hadde inga bestemte forventningar då eg byrja her. Men eg håpa på musikk og sosialt samvære. Eg synest det er viktig med musikk for barna. Tradisjonen med å synge for barna har vorte borte, og det synest eg er litt trist. Så eg prøvar å bøte på dette med å vere her, seier Rinden.

Denne saka blei henta inn i februar, før koronapandemien kom til Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kven er fanga i fiskegarnet: På samlinga er det både song og leik.
Saman med dei små: Både foreldre og besteforeldre deltek på samlingane med dei små på helsestasjonen.