Avslutta med skumparty: 308 9.-klassingar frå heile Øvre Telemark møtte fram til samling på Dyrskuplassen som blei avslutta med skumparty i husdyrhallen.

Laurdag blei konfirmasjonstida offisielt opna med skumparty. – Me har aldri vore så mange

Aldri før har så mange konfirmantar vore samla før som då Ønsket og elsket inviterte ungdommane til Kick-off i husdyrhallen laurdag.

Dagleg leiar for Ønsket og elsket, som er ungdomsarbeidet til kyrkja i Øvre Telemark, Petter Jakobsen, seier at det var 308 frammøtte 9.-klassingar frå heile Øvre Telemark laurdag kveld då konfirmasjonstida blei offisielt opna.

– Me har aldri vore så mange, fortel Jakobsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inne i husdyrhallen var det laga ulike tevlingar og aktivitetar som ungdommane kunne delta på, konkurransar frå scenen, høve til å berre sitje og prate eller finne noko freistande i kiosken. Arrangementet blei avslutta med diskolys, musikk og eit skikkeleg skumparty.

Jakobsen fortel at det fyrste Kick-off-arrangementet blei halde på Dyrskuplassen i 2016, og at om lag 40 vaksne tilsette og friviljuge og om lag 30 friviljuge ungdomsleiarar jobba for å få arrangementet i hamn laurdag kveld.

– Kvifor samlar de ungdommane til eit arrangement som dette?

– Me har stor tru på å ha konfirmasjonstida som ein veksling mellom lokale samlingar for kvar kyrkjelyd og større samlingar på tvers av kyrkjelydane i prostiet. Slik det er lagt opp nå er om lag halvparten av konfirmasjonstida lokalt, og halvparten er på arrangementa i regi av Ønsket og Elsket.

Jakobsen fortel at i tillegg til konfirmasjons Kick-off om hausten har dei konfirmanttreff på våren, og ikkje minst konfirmasjonsleirar fyrste og andre veka i sommarferien.

– Ved å samle ressursane på denne måten kan ein få til arrangement som den einskilde kyrkjelyd ikkje ville ha ressursar til åleine, og ungdommane får oppleve å vere ein del av eit større fellesskap, bli kjend på tvers av kommunegrenser og få nye vener. Vårt mål er å skape arenaer der ungdom kan vere saman og ha det gøy, med Gud som eit tydeleg sentrum i alt vi gjer, seier ungdomsprest Jakobsen.

Kick-off for konfirmantane: God stemning.
Kick-off for konfirmantane: God stemning.