I kø: Aslak Midtbøen (til venstre), Aslak Aabø, Hans Kristian Aabø og Torbjørn Kaasa i kø for å handle bok hos Dagny Lie.

Kviteseid historielag med populært årsskrift

Det aktive historielaget hadde si tredje boklansering dette året.

Torsdag i førre veke kunne leiaren for historelaget Johannes Skarprud presentere årets «Gamalt frå Kviteseid» på Misjonshuset i Kviteseid. Boka som er den 38. utgåva er på vel 120 sider med mange ulike artiklar.

I ein artikkel skriv dei om dei kring 26 skulekrinsane i kommunen og med interessant bilde av dei aller fleste skulehusa. Eit godt oppmøte tyder på at folk set pris på boka som også er ei populær jolegåve til utflytte kviteseidingar.