– Ikkje slepp han: Dei ryk saman i mannjamning på Sterke-Nilstunet denne Dyrsku’n. Folka på garden unner Svartdalkjempa at han må tapa for Sterke-Nils.

Kven er sterkast, Svartdalskjempa eller Sterke-Nils?

Det blir slåsskamp på Sterke-Nilstunet denne Dyrsku’n.

Sòga veit å fortelja at på 1700-talet var Steinar Svartdal ein frykta illgjerningsmann. Han truga grannar og bygdefolk, stal mjøl frå kvernene og sauer og lam frå buferdene. Ingen våga ta att med Steinar, og han fekk vednamnet «Svartdalskjempa». Eit namn han nok var ikkje så lite byrg av.

Han var heller ikkje snauare enn at han stal kyrkjesylv. Då stemde presten han til doms – noko Svartdalskjempa tok hemn for: Ein gong presten reid til messe, eller kanskje i soknebod, møtte Steinar han; reiv han ned av hesten og gav han bank så presten, Ole Spurv som han heitte, blei liggjande helselaus i fleir veker. Og ikkje berre det, prestekjolen fekk hard medfart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men presten hadde ein joker: Sterke-Nils. Då presten kom på beina att fekk han med seg Nils for å «gjera opp» med Svartdalskjempa. Presten prøva med det gode, men Steinar Svartdal trong korkje tilgjeving eller bøn.

Oppgjeret blei ikkje som kjempa frå Svartdal venta: Han møtte overmannen sin – Sterke-Nils.

I årets glimt frå livet av Sterke-Nils møter me Jaran Jonskås Bekhus som Svartdalskjempa og Eystein Haugen som Sterke-Nils. Bart Hylkoma er sokneprest Ole Spurv, Gro Verpe Moen er kona til Steinar Svartdal. Ei kårkone, som slett ikkje let seg herse med, er Reidun Øverland. Tenestedrengen, som gjerne slår i hel tida med kveding, er Ragnar Haugstøl, og ungguten Alexander Norgaard må springe Svartdalskjempa til hande. Dramamusikken står trufaste Knut Buen for.

Meir Seljord-soge

Det er ikkje berre denne Seljord-soga ein kan få med seg denne Dyrsku’n. Litt etter tidsbildet på Sterke-Nilstunet byr Ragnar Haugstøl og Knut Buen på soger, spel og kveding ved Gongestova, sentralt på Dyrskuplassen. Her blir det godbitar og hermer frå eit mangfaldig minnearkiv dei to sogekarane delar frå.