Gode råvarer: Kine Bekkengen passar på at Tiril Østvik Olsen (9) frå Karmøy får smake på frukt og grønt hos Geitmyra matkultursenter.

Kunnskapen om maten og kva rolle har kjøkkenhagen for beredskapen?

Maten har ein sjølvsagt plass på Dyrsku'n. Hos Geitmyra matkultursenter får ungane både smake, lage og kunnskap om mat.

I 2011 vart Geitmyra matkultursenter etablert i Oslo, sidan har nokre fleire avdelingar kome til og denne hausten opnar dei avdeling i Tønsberg. Dei var invitert til årets Dyrsku'n.

– Her kan ungane få smake på ei plante. Me byrjar med å smake på ei rot, så er det stilken, så blad, deretter blomen, så frukta og til slutt frøet, altså det som er inni frukta, fortel Kine Bekkengen, som er prosjektleiar av etableringa av avdelinga i Tønsberg og undervisar på Geitmyra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Matkunnskap: Bente Bugge-Erlingsen (t.v.) og Kine Bekkengen formidlar kunnskap om mat til barn og unge.

Fyrst smakar ungane på alt rått, og deretter kan dei vere med å steike eller wokke grønsakene.

Etter ein smaksrunde kan også ungane lage sin eigen frøbombe. Dei blandar saman jord, leire og forskjellige frø.

– Så sparar dei den over vinteren så den tørkar, og til våren kan dei kaste den ut, og dei får ei fin blomstereng, fortel Bekkengen.

Bomba treng altså ikkje puttast i jorda slik ein er vant til med frø, men berre kastast ut på bakken.

Bomber: Ungane kan lage eigne frøbomber som skal tørkast gjennom vinteren, og til våren kan dei hive den ut ein stad dei har lyst på blomstereng.

– Kjøkkenhagen kan gjere ein forskjell

– Den viktigaste delen av norsk matberedskap er landbruket. Slik er det, punktum, seier Anders Nordrum.

– Kjøkkenhagen er ikkje ein stor del, men ein veldig viktig del av beredskapen. Den kan gjere ein forskjell.

Nordrum er utdanna gartnar og pedagog, og saman med kona Barbro driv han føretaket Datsja, som formidlar kunnskap om det å dyrke grønsaker. Nå eller i ei anna tid.

På Dyrsku'n heldt han foredrag om kjøkkenhagen, og kva slags rolle den kan ha i beredskapen. Når me snakkar om matforsyninga i Noreg reknar ein ikkje med produksjonen som er i kjøkkenhagane rundt om kring. Sopp og bær som ein finn i skogen er for eksempel heller ikkje rekna med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Endringane landbruket har gått gjennom dei siste tiåra er enorme, og då krigen kom til Noreg i 1940 var situasjonen ein heilt annan enn i dag.

– Under krigen dyrka dei jordeple og grønsaker overalt, plenar, parkar og golfbanar. Ja, det var golfbanar på den tida også. Forskjellen var at i 1940 var det tre generasjonar som hadde hatt skulehage, dei kunne dyrke, fortel Nordrum.

I dag blir gardsbruka færre og større. Nordrum viser til eit døme frå sitt eige nabolag, Valdres.

– Nabogarden har 80 kyr, og kan ikkje drive det lenge utan straum og drivstoff. Utan det ville det ikkje tatt lang tid før han måtte, på grunn av dyrevelferd, byrje å avlive.

Beredskapshage: Barbro og Anders Nordrum held kurs og formidlar kunnskap om å dyrke grønsaker. Dei har også skrive boka «Beredskapshagen» saman.

Men kva gjer ein om tilgangen på både straum og gjødsel forsvinn? I krig eller ei anna krise er ikkje det eit utenkeleg scenario.

– På slutten av 80-talet, under Sovjettida, var det slik at over 50 prosent av det folk åt der – det skaffa dei sjølve, fortel Nordrum.

Etter ein tur til Russland fekk ekteparet Nordrum kunnskap om korleis dei kunne lage kjøkkenhage utan gjødsel, og få gode avlingar.

– Me besøkte eit fattig ektepar i 70-åra som ikkje hadde tilgang på verken kunstgjødsel eller gjødsel frå husdyr. Dei var fattige, men lei ingen naud, fortel Nordrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årsaka var kjøkkenhagen som gav dei mat dei trengde.

– Dei la gras på jorda, og let marka gjere jobben sjølv, fortel Nordrum.

Jorda blir annleis enn me er vande med, men marka trekker næringa til seg og fyller jorda med næring.