Elevane frå Kyrkjebygda: Alle elevane deltok i koret, men i fleire kohortar. Her er det elevane ved Kyrkjebygda oppvekstsenter som syng.

Kulturskulen i Nissedal har spela inn eigen låt

– Dette er ei jolehelsing frå kulturskulen sidan me ikkje får ha jolekonsert i år, seier kulturskulerektor Rune Sanden.

Om du nyttar appen kan du sjå videoen her.

Vanlegvis har kulturskulen i Nissedal tre konsertar i kinosalen før jol.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då brukar det å vere stappfullt her. Det var ikkje tida for det i år, seier Anne Margrethe Espelid som er kultursjef i Nissedal.

Eigenprodusert låt

Sidan det ikkje blei konsertar bestemte kulturskulen seg for at dei ville spele inn ei låt. Dei tenkte fyrst at dei ville bruke ei kjent jolelåt, men fann ut at dei då måtte søke om rettar for å dele innspelinga. Då blei alternativet å lage ein eigen låt.

Rune Sanden brukte ei helg på å lage tekst og melodi, og så var planlegginga av årets musikalske jolehelsing i gang.

Det er elevane på kulturskulen som syng og spelar på låten. Alle er med i kor og blir med på filmen. Jermansen media har hatt ansvar for lydopptak og filming. Og Jeroen Houthuizen i Woodhouse event har ansvar for lys og effektar i filmen.

– Her er altså alt gjort av flinke lokale folk, seier Anne Margrethe Espelid fornøgd.

Kulturskulen i Nissedal: Kulturskulen i Nissedal har det siste året hatt 53 elevar. Her kan elevane velje mellom song, piano, trommer, gitar, bass, samspill i band og låtskriving. F.v. Martin Krause, Olav Svalastog, Rune Sanden og Anne Margrethe Espelid.

Eit godt alternativ

– Songen handlar om at me ikkje kan halde rundt kvarandre nå. Me må finne andre måtar å gjere det på, seier Maren Vrålstad Solberg.

Ho er ein av fleire solistar på songen, og har sunge i kulturskulen i fleire år.

Lydopptak og filming: John Oddvar Jermansen i det lokale firmaet Jermansen media har hatt ansvar for lydopptak og filming. Her saman med ein av solistane Maren Vrålstad Solberg.

Ho fortel at dei har vore oppfinnsame på kulturskulen for å halde aktiviteten oppe.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I vår då nesten alt var avlyst hadde eg pianotimar på telefon. Det var ein grei måte å gjere det på når ein ikkje kunne møtast.

Charlotte Houthuizen går i andre klasse og starta på kulturskulen i haust. Ho spelar piano og hadde gleda seg til å ha konsert. I staden syng ho ei strofe i årets song.

– Det var eit godt alternativ, seier faren hennar Jeroen.

Lys og effektar: Jeroen Houthuizen i Woodhouse event sørga både for lys og sno under innspelinga. Dottera Charlotte er solist.
Mellomtrinnet ved Tveit skule: Olav Svalastog dirigerer medan elevane på mellomtrinnet ved Tveit skule syng.