Kultursjef: Kristian W. Rantala i Vinje kommune.

Kultursjefen: – Vårt mål er at ungdomskoordinatoren skal vere ein viktig ressurs for klubbane

Vinje kommune manglar vikar for ungdomskoordinatoren, men så snart denne er på plass vil arbeidet med ein god ungdomsstrategi halde fram, lovar verksemdssjef for kultur og fritid i Vinje, Kristian Wilhardt Rantala.

– Som du veit har me ungdomsklubbar i Edland og Rauland, og me jobbar med å få ein ungdomsklubb på beina i Åmot, forklarar Rantala.

Ungdomsklubbane som finst i Vinje er drivne av dugnadskrefter. Slik dugnadsdrift er prisverdig, men kan vere uheldig for kontinuiteten i ungdomsklubbtilboda, meiner mangeårig klubbleiar i Tokke, Tor Øystein Gravdal. Rantala trur ungdomskoordinatoren kan bidra til at tilbodet vert meir stabilt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vårt mål er at ungdomskoordinatoren skal vere ein viktig ressurs for desse klubbane, for å motverke dei mekanismane Tor Øystein Gravdal nemner. Me har trua på at ein overordna koordinering og fasilitering vil føre til gode vilkår for ungdomane i Vinje, utdjupar Rantala.

Les også
Tor Øystein jobbar fulltid for tenåringane i Tokke: – Mitt største ønske er at ungdommen kjem tilbake til klubben

– Er det aktuelt for denne koordinatoren å ha det konkrete ansvaret som klubbleiar på klubbane, og at foreldre berre er der som ekstra tilsyn?

– Dette tenkjer eg arbeidet med ungdomsstrategien vil avdekkje, og så er det opp til politikarane korleis me løyser slikt praktisk. Så snart eg har vikar på plass, driv me arbeidet med strategien vidare og då vil medverking både frå dei som er engasjert i klubbane og andre vere heilt sentralt, svarar Rantala.

Les også
Dugnadsforeldre driv ungdomsklubben: – Dei gjer mykje meir enn me ser!