Har konsert: Silje Hegg og Torhild Ostad har konsert på Vinjesenteret fredag.

Silje og Torhild har kjend kvarandre i 25 år, og har fleire gonger snakka om at dei har lyst til å halde konsert i lag. Nå skjer det

Fredag 14. april blir det stemningsfull konsert med fløytist Silje Hegg og vokalist Torhild Ostad. Dagen etter, laurdag 15. april, kjem den kritikarroste forfattaren Brynjulf Jung Tjønn og les høgt frå barneboka si Gard er ikkje redd.

– Me gler oss til ei variert og innhaldsrik helg, seier vertskaps- og programansvarleg på Vinjesenteret, Ingebjørg Nestestog Edland i ei pressemelding.

Seljesong i Vinjesenteret

Fløytist Silje Hegg frå Vinje og vokalist Torhild Ostad frå Eidsvåg i Romsdal har kjend kvarandre i 25 år, og har fleire gonger snakka om at dei har lyst til å halde konsert i lag. No er dei endeleg her – ei stemme og ei fløyte i akustisk, nært og varmande samspel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ostad og Hegg fortel at dei held konsertar for dei små rom, der det solistiske uttrykket står i sentrum. Repertoaret spenner frå religiøse folketonar og Torhilds nyskrivne tekstar og melodiar, til tradisjonelle visetonar og slåttar på seljefløyte og sjøfløyte.

Hegg har fleire gonger vunne Landskappleiken på seljefløyte, seinast i 2014. Ostad er både songar, komponist, tekstforfattar og biletkunstnar.

Konserten blir arrangert av Vinjesenteret og Vinje folkebibliotek i samarbeid med Sørnorsk folkemusikksenter og Vinje folkeakademi.

Lesestund med stjerneforfattar

Brynjulf Jung Tjønn er fødd i Sør-Korea, men vaks opp i Feios i Sogn og Fjordane. I dag bur han i Oslo og arbeider som forlagsredaktør i Samlaget, og skriv dramatikk og skjønnlitteratur for både vaksne, ungdom og barn.

Denne laurdagen kjem han til Vinjesenteret for å lese frå barneboka si Gard er ikkje redd. Boka handlar om eit barns ynske om å bli sett for det barnet er og ikkje for det vaksne trur det er.

– Ta med borna til Vinjesenteret på laurdag. Dette blir ei fin lesestund for både små og store øyrer, inviterer Nestestog Edland.

Arrangementet er eit ledd i Små forteljingar, eit samarbeid mellom Vinjesenteret, Vinje folkebibliotek, Vinje mållag og Vinje folkeakademi.

Det blir også høve til å møte Brynjulf Jung Tjønn i Vinje folkebibliotek laurdag ettermiddag der han skal snakke om den vel omtala lyrikkboka hans som kom ut i 2022, Kvit, norsk mann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til Vinje: Brynjulf Jung Tjønn
Høglesing: Det blir høglesing på Vinjesenteret laurdag.