I rollene: Halvor Eknes Vinje er blånisse-jolebukk frå Blåfjell. Raudnisse-jolebukken Åmund Øien-Sudbø hjelper han å skape historia om korleis han kom seg hit ved å grave ein tunnel med hendene.

Krasjkurs i jolebukk. – Du berre grov ein tunnel frå Blåfjell med hendene og kom hit kjempefort

– Eg er ein blånisse frå Blåfjell, gliser Halvor. Han har fått på seg ei blånisseluve og er heilt inne i rolla.

– Men korleis kom du deg hit, då? Det må ha vore ei lang reise?

– Nei, pip Halvor, men Åmund har ein ide.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du berre grov ein tunnel frå Blåfjell med hendene og kom deg hit kjempefort.

–Ja, ler Halvor.

Blid blånisse: Halvor Eknes Vinje er full av ekte nissehumør.

Fem minutt tidlegare

I songen til Prøysen er draumen å vere fire år i romjoli, og gå jolebukk til bestemor med masker og høge hælar og det heile, men blant femåringane på avdeling Stoga i Åmot barnehage verkar begge omgrepa temmeleg ukjende. Det er fleire kreative forslag til kva romjol kan vere for noko

– Jol i rommet? føreslår Åmund.

– Romskipjol? seier Sagal spørjande.

– Eg trur det er veslejoleftan, seier Oda.

Og det er ho som er nærast svaret, for romjola startar jo ganske kort tid etter veslejoleftan.

– Men jolebukk, då, kva er det?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det ein bukk som er eit joletre? undrar Oda.

Men det er ei i gruppa som har kjennskap til dei gamle tradisjonane.

– Mamma feira jolebukk i gamle dagar, fortel Eira.

– Gamle dagar, det er frykteleg lenge sidan, seier Åmund medan han ser på Eira med store auge.

Eira veit også kva mor hennar gjorde då ho var jolebukk.

– Ho gjekk rundt og kledde seg ut som ein nisse eller noko, og så fekk dei godteri.

Jolebukk på 1 - 2 - 3

Til krasjkurset har VTB med ein pose med diverse parykkar, masker og hattar, og ungane kastar seg over den for å kle seg ut. Snart er dei både nissar, hekser og zombiar. Men i tillegg til å ha på seg kostyme, bør også ein god jolebukk gå litt inn i rolla. Vere nokon, koma frå ein stad, og gjerne ha ei historie å fortelje.

– Eg er edderkoppheks, seier Tiril. Den spisse hatten hennar har svart og kvitt hår.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg er snill.

Skummel og snill: Tiril Ringhus Bjåen er heks

– Pirat, smiler Sagal med sjørøvarhatt.

Eira har drege på seg hanskar med juksepels og matchande skjerf.

– Eg er Rudolf, annonserer ho.

Åmund og Halvor tek på seg raud og blå nisseluve, og er raudnisse og blånisse.

– Men kvar kjem de frå, då?

– Eit skummelt hus, svarar heksa.

– Piratland, seier piraten etter ei kort tenkepause.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nisseland, kjem det kjapt frå Rudolf.

– Baby boss land, fniser raudnissen, og kikkar bort på blånissen, som sjølvsagt er frå Blåfjell.

Ein song gjer susen

Prikken over i-en er ein song frå jolebukkane, og ungane er slett ikkje vanskeleg å be på. Det er berre nokre dagar sidan 13. desember, så songvalet gjev seg sjølv, og snart ljomar Santa Lucia-songen gjennom heile Stoga.

For full hals: Sagal Achmed Noor, Tiril Ringhus Bjåen, Halvor Eknes Vinje og Eira Kaasa Barstad syng som bare det.

– Kven trur at dei kjem til å gå jolebukk i år, då?

– Eg, ropar fleire og rekker opp handa.

–Jolebukk, kva er det? kjem det frå ein, men no veit Oda svaret. Ho rettar på den blonde parykken med lang flette og forklarar:

– Det er slik at ein kler seg ut og bankar på døra og syng ein song, seier ho.

Og det er ikkje tvil om kven Oda er.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Elsa!

Repetisjon: Oda Rugli har lært kva ein jolebukk er, og forklarar det til resten. Sjølv er ho Elsa frå Arendell.