Fornøgde arrangørar: Anne Tollan, Emilie Egebjerg, Carl Fredrik Braastad og Olav Nylund Dale studerer prosjektleiing i kunst og kreativ næring.

Konsertar, teater og stand up på Malenes haustfestival

I fem dagar har fire studentar frå Høyskolen Kristiania invitert til ei rekke ulike kulturarrangement på tidlegare Malenes hotell i Treungen sentrum.

– Me ynskjer å vise kva dette bygget kan brukast til. Dette er eit hus med stort potensial, seier Olav Nylund Dale.

Han studerer prosjektleiing i kunst og kreativ næring. Far til Olav kjem frå Treungen, og familien har derfor vore mykje i Nissedal på ferie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ideen om å bruke Malenes hotell som ramme for neste studentoppgåve fekk han ein dag han sat på trikken i Oslo.

– Eg sat på telefonen og såg at Malenes hotell var lagt ut for sal. Eg fekk lyst til å fylle huset med god atmosfære og kulturopplevingar.

Olav fekk med seg tre medstudentar på ideen, og så var planlegginga av Malenes haustfestival i gang. Dei tok kontakt med Tore Karlsen, som eig det tidlegare bakeriet og hotellet, og fekk lov til å låne hotellet ei veke i november.

Variert program

Studentane ynskte å gje lokale artistar ei scene, men også tilby noko nytt. Over fem dagar inviterte dei til kunstutstillingar, konsertar, quiz, stand up og teater.

Urframføring: – Fordelen med Korona er at eg får betre tid til å lage musikk, seier Synne Sanden som framførte fleire nye låtar på Malenes haustfestival.

Programmet studentane presenterte var imponerande. Tysdag var det kunstutstilling med re:sampled og Tone Gautefald Tveit. På onsdag var det konsert med Signe DØ og den lokale artisten Synne Sanden. Torsdag var det teaterframsyning for barn med pratmakerteateret som viste framsyninga Ruffen på nye eventyr. På kvelden var det konsert med Symre frå Morgedal og bandet Von August. Fredag var det quiz og stand up med komikarane Egil Skurdal, Halvard Dyrnes og Ahmed Mamow. Laurdag kveld stod Banda Rossman og The Espelids på scena.

Ikkje så mykje anna som skjer

– Det passar veldig bra med intimkonsertar her, seier Simon Nenseter Nome etter konserten på torsdag kveld.

Elektronisk pop: Bandet Von August lovar ny musikk framover. Frå venstre Klara Lucie Østrem Ossum, Smon Nenseter Nome og Live Schau.

Han budde tidlegare i Fyresdal og studerer nå musikkvitenskap ved universitetet i Oslo. Saman med medstudentane Live Schau og Klara Lucie Østrem Ossum utgjer han bandet Von August.

– Denne våren blei ikkje heilt som planlagt på grunn av korona. Det har blitt lite spelejobbar, men bra med tid til å lage musikk og derfor kjem det mykje nytt framover. Til fredag slepp me ein ny singel, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei tre stand up -komikarane hadde på førehand sjekka heimesida til Nissedal kommune og kva skjer kalenderen der.

– På torsdag er det lukka kommunestyremøte og neste tysdag kjem den mobile optikaren, elles skjer det ikkje mykje. Enda godt at me er her, seier Egil Skurdal.

Stand up: Tilskodarane på fyrste rad fekk gjennomgå av Ahmed Mamow, Egil Skurdal og Halvard Dyrnes.

Dei tre komikarane, som blant anna underheld på Latter scenen i Oslo, var både fornøgd med lokalet og publikummet.

– Me går nok mot ein vinter der me ikkje får jobba så mykje. Det var fint å få kome hit, seier Halvard Dyrnes.

Meir av dette

– Å skulle arrangere ein festival for eit publikum ein ikkje kjenner, og i tillegg under ein pandemi, var ei utfordring. Me har møtt på stor velvilje frå kommunen som gav oss næringstilskot og skjenkjebevilling og også andre som har vore positive, imøtekomande og heia oss fram. Også er me veldig imponert over Tore Karlsen som lånte bort hotellet til oss, seier Olav Nylund Dale.

– Dette har vore veldig gøy. Me er kjempefornøgde, seier Anna Tollan fredag kveld.

Og det har studentane all grunn til å vere.

Frå dei som møtte opp og fekk med seg denne festivalen var tilbakemeldinga stort sett denne: Me ynskjer oss meir av dette!

Artikkelen held fram under annonsen.

Stort potensial: Dette gamle hotellet, som ligg midt i Treungen sentrum, er til sals.