Kommunal milliongaranti for å få klatrehall på tusenårsstaden

Nissedal kommune garanterer for fem millionar kroner for at lokstallen skal bli klatrehall.

I Treungen er planlegginga av ein klatrehall godt i gang. Sparebankstiftinga DNB og Riksantikvaren har ytt totalt 2,1 millionar kroner til prosjektet som i dag er kostnadsrekna til 17,3 millionar kroner. Det har vist seg å vera vanskeleg å få med fleire eksterne aktørar – utan at kommunen er med på laget. Både Vestfold og Telemark fylkeskommunen og Sparebanken Sør krev kommunal garanti for å kunne vurdere å støtte prosjektet.

«Lokstallen på Sommarsletta er eit praktbygg i svært dårleg forfatning. Å sette bygget i stand er viktig, å verne det gjennom bruk, er ein godt utprøvd strategi for framtidig vern. Målsettinga med å gjere lokstallen til klatrehall er å skape eit klatremiljø med fokus på å rekruttere til eit godt klatremiljø frå barn til vaksen, sette Nissedal på kartet som ein klatredestinasjon, sette fokus på gode miljøprosjekt og bruke lokstallen og Sommarsletta i formidling av Nissedal kommune sin jernbanehistorie og gruvehistorie,» skriv kommunedirektøren i saka til politikarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tante Sofie

Kommunestyret vedtok i sist møte, etter to gruppemøte, å garantere for fem millionar kroner. Det er ein føresetnad at resten av kostnadane til klatrehallen blir finansiert med eksterne midlar, og innan fristen 1. juni 2024. Tori Fretland Tveit (KrF) var den einaste av dei 17 representantane som røysta mot kommunedirektøren si tilråding.

Sjølv om ho kalla prosjektet «spennande» var ho mest bekymra for tida etter at hallen står ferdig, korleis drifta skal vera og kva ansvar kommunen har.

– Eg får stå i det og vera Tante Sofie i kveld og røyste mot, sa Tveit, med tilvising til partikollega Geir Christian Engers kommentar tidlegare i møtet om at dei var litt ueinig dei to KrF-representantane. Enger uttrykte stor iver knytt til prosjektet på tusenårsstaden i kommunen.

Ordførar Halvor Homme (Ap) minna fleire gonger i ordskiftet om at det ikkje blei løyvd fem millionar kroner i møtet, men at det var ein kommunal garanti som kan bli bruka som eit bevis på at politikarane i Nissedal stør klatrehallen.

– Summen er ikkje det viktige her. Me håpar å kunne ta vekk ein null når prosjektet blir realisert, sa Homme om summen på fem millionar.

Sa nei: Tori Fretland Tveit (KrF) var den einaste som røysta mot.

Vernar om eigedomsskattpott

Nissedal kommune set kvart år av ein halv million kroner til fellestiltak som treffer eit breitt publikum. Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti ynskte at denne potten kunne finansiere mesteparten av den kommunale garantien – dette for å skjerme den ordinære drifta.

– Eg har sidan 2014 jobba hardt for å verne om at dei pengane som blir sett av frå eigedomsskatten går til allmenta. At det skal ryke eit halvt år før eg går av, det går ikkje eg med på, sa ordføraren Homme før han varsla gruppemøte.

Tilleggsframlegget frå Sp og KrF fall med åtte mot ni røyster.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Prematurt å ta stilling til finansiering, meinte Kristine Sandall (H).

Historikk

I 2019 fekk Nissedal kommune midlar frå Telemark fylkeskommune til å gjere ein moglegheitsstudie som skulle sjå på om det var mogleg å gjere om lokstallen til ein klatrehall. I studien som vart levert kommunen i desember 2020, var konklusjonen at dette var mogleg om ein heva taket, slik at ein kunne plassere ein klatrevegg på 13 eller 15 meter.

I 2021 fekk kommunen igjen midlar frå Vestfold og Telemark fylkeskommune, og Miljødirektoratet, til å lage ein detaljprosjektering av klatrehallen. I dette prosjektet var det viktig å lande utforming og funksjonalitet saman med kulturarv i fylkeskommunen og lokal klatregruppe, i tillegg til Noregs klatreforbund og Tjelmeland friksjon (klatreinstallasjonleverandøren).

Kjelde: Nissedal kommune

Les også
Får 1,6 millionar til å bygge klatrehall. – Heilt fantastisk
Les også
For 17,3 millionar kan dette bygget få ny funksjon
Les også
Lokstallen kan bli klatrehall – og kanskje blir det treningssenter like ved
Les også
Fylkeskommunen løyver 300 000 kroner til planlegginga av klatresenter
Les også
Kan bli millioninvestering for ny attraksjon i dette bygget
Finansieringsplan

Statlege tilskot (spelemidlar): 5,5 millionar kroner

Nissedal kommune: 5 millionar kroner

Fond og stiftingar: 4 millionar kroner

Riksantikvaren: 4 millionar kroner

Fylkeskommunen: 2 millionar kroner

Prisestimatet er 17,3 millionar kroner, med prisstiging er summen 21,5 millionar kroner.

Det er gjeve tilsegn om totalt 7,1 millionar kroner (inkludert kommunal garanti).

Kjelde: Saksutgreiinga til kommunestyret