Konsert i Treungen: Odd Nordstoga hadde eit stort publikum på konserten i Treungen sentrum fredag.

Knallstart på rusfritt arrangement

Fleire hundre unge og eldre fekk fredag med seg både Odd Nordstoga og Byting på scenen på det rusfrie arrangement som Nissedal ungdomsråd hjelper til med i Treungen sentrum. Rådsleiar Julianne Homme konkluderte med ein fantastisk konsert av Odd Nordstoga.

Konserten med Odd Nordstoga var midt på dagen, før det få timar seinare er tid for nye konsertopplevingar og anna i Treungen.

Alle barnehagane i Nissedal kommune og dei som går i Nissedalskulen var blant rundt 300 tilskodarar som ville ha med seg konserten. Det er ikkje langt unna 30 år sidan Nordstoga sist song i bygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Konserten gjekk strålande. Det var så mange flotte songar – fantastisk. Det såg ut som alle hadde det veldig gøy, oppsummerer 10.-klassingen Homme, etter det fyrste innslaget denne dagen.

Veldig gøy

Ungdomsrådsleiaren er konferansier under heile arrangementet, også utover kvelden.

Homme fortel at med det rusfrie arrangementet vil ungdomsrådet vise at ein kan ha det moro utan alkohol. Og ho er kjempeglad for at eit slikt breitt arrangement endeleg har blitt til.

– Me har sakna eit slikt arrangement som dette, seier Homme, og tenker tilbake på at det ikkje tidlegare let seg gjere i koronatider.

Ungdomsrådsleiar: Julianne Homme (10. klasse) synest det er moro å vere med i ungdomsrådet. På det rusfrie arrangementet dag- og kveldstid fredag er ho konferansier.

Homme fortel at ungdomsrådet har hatt mykje arbeid med å få til arrangementet.

– Men me har hatt masse gøy. Det er heilt vilt at me får vere med og ha ei så stor rolle som på dette arrangementet, seier ho.

Eit slikt arrangement der mellom anna Odd Nordstoga og Byting er på plass, kostar pengar. Nissedal kommunestyre garanterte for opptil 100 000 kroner.

– Den garantien viser det seg at me ikkje treng å bruke. Me har fått inn alle pengane me har søkt om, og er veldig fornøgde med det, seier Homme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til hausten ventar vidaregåande skule for Homme, og då blir det vrient å halde fram i ungdomsrådet.

– Eg har veldig lyst til å fortsette, men ..., seier ho.

Homme fortel at å vere med i ungdomsrådet er veldig lærerikt.

– Eg oppmodar andre til å bli med i eit ungdomsråd, seier Homme.

Etter konserten: Både arrangørane og artisten var fornøgd. «Eg kjem gjerne tilbake til Treungen», sa Nordstoga.
Riggehjelp: Nordstoga såg ut til å vere fornøgd med hjelparane frå Nissedal ungdomsråd. Dei jobba frå morgon til kveld for å gjere i stand til konsert. F.v. Mikkel Veum, Roger Mei, Christoffer Løyte, Olav Aarak Underdal, Odd Nordstoga og Sajed Benchi.
Viktig bodskap: Før vokalist Thomas Hellekås framførte låta «Ensom Mann» åtvara han mot kor store konsekvensar køyring i ruspåverka tilstand kan få.
Bruskasseklatring: Politiet fekk også prøve seg på bruskasseklatring.
Fulle bussar: Vest-Telemarksrådet organiserte bussar frå alle kommunane i Vest-Telemark. Det var mange som nytta seg av dette gratistilbodet.
Frå nabokommunen: Denne bilen hadde tatt turen frå Åmli.
Bilutstilling: På parkeringsplassen utanfor banken var det samla både gamle og nyare bilar.