Tidleg ute: Merete «Musa» Eriksen, Odd Leif Østensen, Doffen Bergan og Eva Bergan er i perlehumør tysdag føremiddag. Dei kom til Seljord alt i går og gler seg til å sleppe inn på festivalcampen.

Klare for festival etter tre års pause

Merete «Musa» Eriksen, Odd Leif Østensen, Doffen Bergan og Eva Bergan kom til Seljordfestivalen eit heilt døgn før portane til campen opnar. - Dette er årets høgdepunkt, stemmer dei i på parkeringa utanfor Telemark bilruter.

På den nye innsjekken til Seljordfestivalen på området til Telemark bilruter stod det alt tysdag føremiddag flust med campingbilar og vogner. Folk er verkeleg klare for festival etter tre års avbrekk på grunn av koronapandemien. VTB tok seg ein tur innom og møtte ein munter gjeng.

– Me har alt starta festivalen og treft kjentfolk, seier Eva og Doffen Bergan utanfor bubilen sin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den viktigaste dansefesten i landet

Kaffikanna, utemøblane, oskebegeret og humøret er på plass.

– Me kom til Seljord på måndag og parkerte her i tretida på ettermiddagen, gliser Doffen, som er klar for å endeleg gå på festival att.

Kona stemmer i og seier ho har sakna dansen og samhaldet dei finn på Seljordfestivalen.

– Dette er 20. gongen eg er her. Det er den viktigaste dansefesten i landet. Seljord må du bare til, seier Odd Leif Østensen.

Opnar to timar tidlegare

Karaokekongen: Kenneth Pedersen frå Karmøy har med seg karaokeanlegg på festivalcampen og lovar liv rundt vogna si i kveld.

Karaokekongen frå Karmøy Kenneth Pedersen kjem også til. Han har drive med karaoke i 25 år og lovar å spele opp til dans nær vogna si tysdag kveld. Konsertane byrjar ikkje før onsdag ettermiddag. Eigentleg skulle innsleppet byrje klokka 18.00 tysdag, men sidan det står rundt 200 festivalklare campingeiningar utanfor portane før klokka 15.00 vel Seljordfestivalen å opne portane to timar tidlegare.

– Nå er me superklare. Både gjester og arrangørar. Mange kjem hit dagen før festivalen og etter år med pandemi er nok saknet ekstra stort. Me opnar klokka 16.00 i staden for 18.00. Dei utanfor portane er rimeleg klare og her inne er det ferdig rigga, seier festivalleiar Yvonne Eilefstjønn.

Vil ha med dei lokale

Ho er spent på den nye innkøyringa og kjenner i tillegg på at det ikkje har vore arrangert festival på tre år.

– Eg håpar å sjå mange lokale her i år. Det er bare å koma. Det er jo spådd så fint vêr, seier festivalleiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er venta totalt 1 400 campingeiningar inn portane i tillegg til drop in nå dei fyrste dagane. Seljordfestivalen er klare med utvida kaféscene. Konsertane som tidlegare var i Fjoset vil denne gong gå føre seg på kaféscena. Nytt av året er Pub and pool-området på Sheriffen i Husdyrhallen. Der kjem alle inn, både med og utan festivalband mellom 13.00 og 17.00. Der spelar Vandringsmenn torsdag, fredag og laurdag. I tillegg kjem Knut Buen og Halvor Kleppen med skjemt og alvor der torsdag og laurdag.