Fotokollega: Kjetil jobbar med Reinhold Kager på Seljord folkehøgskule. Han har laga cover til plata og skal ha utstilling i foajeen på Granvin under lanseringskonserten. – Ein fantastisk fotograf, seier Flatland.

Kjetil (36) trivst best på heimebane. – Eg elskar å hente ungane i barnehagen halv fire og ha moglegheita til å gå i fjellet heile året.

Det er Kjetil Flatland sitt svar på kvifor han ikkje har eit mål om «det store gjennombrotet» og å kunne leve av musikken.

Den plateaktuelle seljordingen har snakka om kor målretta han var då han var yngre. «For å koma dit, måtte eg gjera det og det og det.» Når han nå har blitt eldre har ting endra seg.

Han har fortalt om kor takksam han er for det lokale næringslivet som har finansiert dei to fyrste albuma – og nå også det tredje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er då me spør om målet er å verkeleg «slå gjennom» og ikkje måtte be om hjelp og støtte for å gje ut musikk.

– Eg elskar å spele og lage musikk, og hadde nok blitt galen om eg ikkje hadde fått halde på med det.

Det ligg eit «men» i lufta. Og det kjem.

– Men eg elskar også å hente i barnehagen klokka 15.30 og ha moglegheita til å gå i fjellet. Og vera ein del av eit arbeidsfellesskap, seier Flatland som sidan 2010 har hatt folkehøgskulen i Seljord som arbeidsstad.

– Så eg veit ikkje om det er målet, nei …

Plateaktuell: Kjetil Flatland er aktuell med si tredje plate. – Den kjem seint, men forhåpentlegvis godt, seier seljordingen.

Snakkar gjerne om musikk

Det er mykje i musikkbransjen som ikkje appellerer til han. Han likar ikkje personfokus, og vil ikkje stille i media som krev ein tragedie eller konflikt for å omtale den nye plata.

Men han stiller opp når musikken er tema. Og det er den denne gongen. Ti nye låtar er klare – sjølv om det ikkje var heilt opplagt då han gjekk i studio i fjor sommar. Flatland kom i studio med berre halvparten heilt klare.

– Eg hadde komposisjonar, men ingen tekst på fem av låtane. Då er det berre å fylle inn, nesten som eit kryssord, seier han med eit smil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smilet blir større.

– Litt som i ein dokumentar om historiske rockeband som sit i studio og skriv. Nå har eg nesten gjort det same …

Han rosar alle rundt seg, alle musikarane som seier ja når Kjetil er klar. Og ikkje minst produsent Leif Johansen. Han får legende-merkelappen, og det var også via produsenten Flatland trefte ei anna legende i studio. Georg Wadenius – den svenske gitaristen som har spela med Luther Vandross, Aretha Franklin, James Brown, Backstreet Boys, Simon and Garfunkel og Steely Dan, for å nemne nokre få. Han var også ein del husbandet i det populære TV-programmet Saturday Night Live på 80-talet.

– Han kom innom studio ein dag og spurde «vad händer?» Då blei eg starstruck. «Det er berre å bli med», svara eg. Og det ville han!

Han skulle vera med som gjesteartist på ei låt, men blei med på halve plata, gliser Flatland.

Wadenius er 77 år og har gjort det meste.

– Men framleis elskar han å spela. Det er inspirerande, seier Flatland.

Med legenda: Den svenske legenda Georg Wadenius er med på halvparten av plata. Han blir også med på lanseringskonserten på Granvin.

Tredje gong

I 2015 sleppte han debutalbumet «Ein song til deg» saman med Knut Buen. To år seinare var han klar for å dele sine eigne ord, tankar og refleksjonar med publikum gjennom «Hyttetankar».

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan då har det vore giftarmål, to barn (eitt til på veg), og pandemi.

– Pandemien passa meg godt, seier han med eit smil, og viser til at han kunne dyrke det han sette pris på i livet – som familie, jakt og snikkering. Og han trengde ein liten puff til å igjen ta turen i studio.

– Den (tredje plata) kjem nok litt seint, men forhåpentlegvis godt, seier han.

Me lever i ei verd prega av delvis kaos med pandemien bak oss og krig her og nå. Flatland skriv om det han er opptatt av – både store og små ting i verda og livet, men i ein lokal kontekst.

– Eg har «hang up» på trekkfuglar. Det er så fascinerande kor langt dei reiser.

Flatland har studert rutene til trekkfuglane. Som Linerla, fylkesfuglen i Telemark, som dei fleste har eit forhold til. Den overvintrar i Midtausten, som i Syria. Men når mai kjem landar Linerla i tunet att.

– Det er om å sjå att ein gamal ven. Verda kjem på trammen, seier Kjetil.

– Kva har han opplevd? – om me skal personifisere linerla, held han fram. Det har blitt til Linerlas vise.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plata «Når timen er blå» kjem i morgon, fredag. 14 dagar seinare står Flatland på scena med produsent, sjølvaste Leif Johansen på bass. Han spelte mellom anna med a-ha på 80-talet. I tillegg kjem Helge Wahl Flatland (tangentar), Vegard Ringsby Hasselgård (gitarar), produsent Leif Johansen (bass) og Ivar Loe Bjørnstad (trommer) på Granvin. Og «Jojje» Wadenius.

Ellen Brekken spelar bass på plata, men er ikkje med på konserten 14. april.

Med saxofonen: Kjetil Flatland gjer sjeldan noko musikalsk utan saxofonen.
Ved flygelet: Kjetil Flatland ved flygelet på folkehøgskulen i Seljord.