Kjærleiksdrama og familieløyndom frå Fyresdal

Veslemøy Solberg har i haust gitt ut den historiske romanen Dikt og drøm. Basert på verkelege hendingar, avdekkjer boka ein familieløyndom som har vore skjult i over 100 år.

Veslemøy Solberg, opphavleg frå Bø, har grave i den ukjende historia til tippoldemor si frå Fyresdal. Historia om Torbjørg Rinden og Ivar Mortensson er basert på verkelege hendingar. Det fyrste møtet mellom Torbjørg og Ivar i Lårdal i 1879 skulle få stor betyding for dei begge.

Blant dei viktigaste kjeldene Solberg har bruka i boka, er ei stor samling brev frå Ivar til Torbjørg, skrive i perioden 1879–1883, og gamle postkort, bilete dokument og brev frå Torbjørg og familien i Åslandsgrend.

Artikkelen held fram under annonsen.

I boka nøstar Solberg opp ei historie, ein familieløyndom, som har vore gøymt og gløymt i over 100 år.

Kven var Torbjørg Rinden før ho møtte forfattaren John Lie, Solbergs tippoldefar? Og kva var det ho hadde gjort som slekta ville dysse ned?

Historia tar oss frå bygdene i Telemark til dei inste kretsane på Stortinget.

Sjølv om historia er basert på verkelege hendingar, er alt likevel fortalt med forfattarens stemme, ut frå det ho har sett, tenkt og drøymt, skriv Solberg.

Historisk roman: I boka nøstar Veslemøy Solberg opp ei historie som har vore gøymt og gløymt i over 100 år.