Forfattar: Kim Leine får Vestfold og Telemarks litteraturpris for 2020. (Arkivfoto)

Kim Leine får litteraturprisen i heimfylket

– Kim Leine frå Seljord mottar prisen for sitt anerkjente og varierte forfattarskap innanfor ulike sjangrar, og juryen meiner han er ein av dei aller fremste historieforteljarane i Noreg og Norden.

Det melde Vestfold og Telemark fylkeskommune då dei onsdag offentleggjorde at Leine får Litteraturprisen for 2020.

Vestfold og Telemarks Litteraturpris er primært ein skjønnlitterær pris, men kan også bli gjeven til ein sakprosaforfatter. Prisen består av eit grafisk blad av ein vestfoldkunstner og eit reisestipend på 25 000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Som forfattar har Leine sett sitt tydelege avtrykk over heile det skandinaviske språkområdet, og har haust høgst fortent anerkjenning for bøkene sine. Me er stolte av å kunne kalle han «vår», seier juryleiar Maja Foss Five frå Vestfold og Telemark fylkeskommune på vtfk.no.

– Dette var utruleg gledeleg. Tusen takk for det. Det betyr veldig mykje for meg med ein norsk pris, og då særleg «heimifrå». Eg håpar veldig at det blir mogleg å kome til Larvik og ta imot prisen, uttalar Leine i pressemeldinga.

Prisutdelingen vil skje under opningsframsyninga av den nye Kimen Litteraturfestival, onsdag 4. november i Bølgen kulturhus i Larvik.

Les også
Den kronglete vegen til forfattarskapen
Les også
P2-lyttaranes romanpris gjekk til Kim Leine
Kim Leine

– Fødd i 1961, oppvaksen i Seljord.

– Reiste til Danmark som 15-åring.

– Utdanna seg til sjukepleiar og arbeidde på Grønland i 15 år.

– Debuterte med erindringsromanen «Kalak» i 2007.

– Den andre romanen hans, «Valdemarsdag», som handlar om farfaren som gjorde seg skuldig i sjalusimord, kom i 2008.

– I 2009 kom «Tunu», der Leine skildrar det grønlandske samfunnet og bygdekulturen.

– I 2013 kom den historiske romanen «Profetene frå Evighetsfjorden» ut, der handlinga er lagt til Grønland på 1700-talet. Denne blei han heidra med Nordisk råds litteraturpris for.

– Sidan har han gjeve ut: Avgrunnen (2015), De søvnløse (2016), Rød mand/sort mand (2018), Dansk standard (2020).