Bokaktuell: Jon Ingebretsen. Foto: Foto: Audny Barstad

Jon er ute med ny bok – i Fønhus sine fotspor

Jon Ingebretsen i Vrådal er aktuell med boka «Natur og kultur – i spora til Mikkjel Fønhus».

Bakgrunnen for boka er at Ingebretsen under rydding i skriveri frå 40-, 50-, 60- og 70-åra, fann mange kort og nokre lengre forteljingar om både natur, kultur og samfunn.

– Nokre har blitt til i skulesamanheng, medan andre er med fordi eg også som unggut lika å skrive, og då mest om naturen og samfunnslivet, skriv Ingebretsen i forordet.

I barne- og ungdomsåra var han inspirert av bøkene til natur- og villmarksforfattaren Mikkjel Fønhus. Han las mange av bøkene med store interesse.

– Mange av forteljingane i denne boka ber preg av dette og nokre er til og med bygd på Fønhus sine skildringar. Eg drøymde nok den gongen om å bli ein liknande forfattar som Mikkjel Fønhus, skriv Ingebretsen, som fekk inn kjærleiken til naturen frå barnsbein i Sauherad.

Han skriv også at førebiletet Fønhus gjorde han til naturvernar og miljøforkjempar.

Innhaldsmessig er boka todelt. Fyrste delen har forteljingar frå naturen, skogen og bygda, i sjølvhushaldets tid. Andre delen er tekstar om kulturen og samfunnet slik det var i etterkrigsåra og lenge før Noreg blei ein oljenasjon og eit velferdssamfunn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Boka er fri for foto. Bakgrunnen for det er ein illusjon om at tekstane skulle skape bilda. Men Ingebretsen har funne plass til ein gode del skisser. Dei fleste er hans eigne teikningar frå barne- og ungdomsåra, men også nokre frå bildekunstnaren Gunn Marit Sanden. Illustrasjonane i bokas samfunnsdel er laga av Tarek Kafrouni, opphavleg frå Syria.

– Målet med boka er å skildre eit heilt anna tidsbilete av menneska sitt forhold til natur, kultur og samfunn enn det ein ser i dag, skriv Ingebretsen, som også legg til at boka er ein takk til Kviteseid kommune og til dei som føreslo han og kona Brit som kandidatar til kulturprisen – som dei mottok i 2019.