Kunstnar: Kunstnaren Jonny Andvik har måla forsida til Jol i Telemark. Foto: Ragnar Lurås

Jol i Telemark med årgang 86

Bladet kjem i år med ny bladbunad signert kunstnaren Jonny Andvik.

Jol i Telemark er ute med nytt nummer i den 86. årgangen, melder redaktør Ragnar Lurås.

I år kan ein mellom anna lese om kunstmålaren August Cappelen som døydde berre 25 år gamal. Hans kjærleik for landskapet kjem klart fram i bileta han rakk å måle.

Møsvatn var åstaden for eit møte mellom tre markante figurar i norsk folkemusikksoge sommaren 1935.

Forfattar Erlend Kaasa har med ei nyskriven novelle «Av fjell er du komen». Ein kan lese om To lagnader i liv og treskurd, og Kongepokalen – pokalen over alle pokalar.

Les også
Vest-Telemark sentralt i Jol i Telemark