Glad i dyr: Venninene Jenny Haukedal Gardstad (t.v.) og Ronja Kihle Bergsland saman med kalvane Pia og Pernille.

Jenny og Ronja var på Dyrsku'n – det var også 89 500 andre

Veninnene Jenny Haukedal Gardstad (7) frå Bamble og Ronja Kihle Bergsland (8) frå Fyresdal var på Dyrsku'n saman med kalvane Pia og Pernille.

– Har de øvd mykje på å gå med kalv?

– Eg har øvd fem gonger, fortel Jenny.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og eg har øvd tre gonger, seier Ronja.

– Kva er viktig å hugse på når ein skal gå med kalv?

– Å ha augekontakt, og så ha kalven litt framfor oss, fortel Jenny.

Ho skal gå med kalven Pernille.

– Ho er litt vill, seier Jenny.

– Mi er ikkje så vill, fortel Ronja.

Pia og Pernille er kalvane til bestefaren til Ronja, Eivind Bergsland frå Bamble. Jenny er naboen hans i Bamble, og mykje på besøk i fjøset. Ronja har ammekyr heime på garden i Fyresdal, så dette er to jenter som er godt vande med dyr.

Fredag var det 28 000 på Dyrsku'n, laurdag var den mest folksame dagen då heile 40 100 var innafor portane og sundag besøkte 21 500 Dyrsku'n.