Spelloppmaker.
Spelloppmaker.

Inviterer ungdomane i heile Vest-Telemark på rusfri fest

Ungdomsklubben på Dalen inviterer unge frå heile regionen til fest på fredagskvelden.

Elvarheim er arena når bandet Spelloppmaker kjem til Dalen.

– Dette er ein rusfri fest for ungdommen i Tokke, men også for heile Vest-Telemark, inviterer Tor Øystein Gravdal på ungdomsklubben på Dalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spelloppmaker er eit seksmanns-orkester som trass i medlemmenes sin unge alder har lang erfaring frå scena. Dei spelar ei blanding av fest-køntri og litt meir seriøs køntri-rock. Bandet har sitt eige særpreg i bruken av solungdialekta. Dei har gjeve ut albuma «Vil Du Væra Med» og «Lærda’ Klokka Sju», og har mellom anna vore supportband for Staut og Hellbillies.