Inviterer til telemarksmeisterskap i jordepleskrelling på Dyrskuplassen
Telemark Bygdekvinnelag inviterer til den årlege fylkesmeisterskapen i jordepleskrelling på Dyrsku’n. Arrangementet vert gjennomført i samarbeid med Dyrsku’n Arrangement AS og Hjelseth Gård.
Noregs Bygdekvinnelag er ein organisasjon med hjartet for matkultur og norske råvarer. Med 16 aktive lag i Telemark og nærmare 11 000 medlemmar på landsbasis, er organisasjonen ein viktig formidlar og bevarer av norske mattradisjonar. Visjonen er å vere ein møteplass for kvinner, og Bygdekvinnelaget har over 70 års erfaring som fremjar av sunn matglede og tradisjonell matkunnskap. Dei har også fått Unesco-status som ein rådgjevande organisasjon innan immateriell kulturarv.
Jordeplet, ei av Noregs viktigaste matskattar, vert heidra gjennom denne meisterskapen. Norskproduserte jordeple er av høg kvalitet, kortreiste og berekraftige. Poteta er allsidig og ein viktig del av norsk matberedskap. Difor er det viktig å fremje og heidre poteta, og gje ho den merksemda ho fortener, meiner bygdekvinnelaget.
Artikkelen held fram under annonsen.
Deltakarar vert inviterte til å bli med på denne morosame tevlinga og vert oppfordra til å ta med seg sin favorittskrellar. Konkurransen går føre seg i foredragsteltet, og påmelding kan gjerast på bygdekvinnelaget sin stand på Dyrsku’n.
Vinnaren frå Telemark vil gå vidare til NM i jordepleskrelling, som finn stad i oktober under Landbruk og Sirkus på Løten. Her vil dei kjempe om norgesmeistertittelen.
Vinnaren på Dyrsku’n i fjor kom på andreplass i NM.
Då VTB inviterte til jordepleskrelling i Vest-Telemark-leikane vekte det konkurranseinstinktet hos dei lokale idrettsutøvarane. Éin av deltakarane blei litt vel ivrig ... Gjensyn med episoden finn du her: