Internasjonal kyrkjemusikkfestival blir digital i påska

Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival har vore arrangert årleg i 21 år. I fjor vart den kraftig nedskalert på grunn av pandemien, og i år blir den digital.

Årets utgåve av festivalen blir heildigital, med fleire norske og internasjonale høgdepunkt frå det opphavlege programmet i konsertar som blir strøymde.

I samarbeid med NRK og produksjonsteam i Noreg, England og Italia er det gjort opptak av sju konsertar frå det opphavlege festivalprogrammet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle konsertar vil vere tilgjengelege digitalt frå palmesøndag 28. mars til og med 26. april.

Fem konsertar vil bli sende på NRK Klassisk i påska, og på 1. påskedag vil NRK 2 vise klipp frå konsertane og intervju med medverkande.

(©NPK)