Foto: Symre Taugbøl Bang

Ingebjørg på heimebane

Mange hadde tatt turen til Neset på Rauland for å få med seg dei tradisjonsrike Nesetdagane.

Fredagskvelden var det konsert med Ingebjørg Bratland frå Edland.

Køen av bilar var lang. Mange var dei som hadde tatt med seg campingstolar for å få med seg både vakker musikk og flott usikt denne kjølige, men fine sommarkvelden.

I dag er Arve Tellefsen, Knut Buen, Kåre Nordstoga og Bjørn Tomren dei som står på scena ved Totak.