10 år etter: Det er ti år sidan Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga laga plata «Heimafrå» og spelt seg gjennom landet med 134 konsertar i alt frå små grendehus til Operaen i Oslo. Nå skal dei ut på farten att.

Ingebjørg og Odd er langt heimanfrå, men på turneen kjem dei heimom

I mars for tre år sidan tikka det inn ein sms frå Ingebjørg Bratland til Odd Nordstoga. «Hei Odd! Vil du eta lunsj med meg på Thetatercaféen?» stod det.

Lunsj blei det, og i tillegg til maten la Ingebjørg ein idé ho hadde på bordet: «Om me ikkje skulle gjera noko i lag att i 2023?» Då var det ti år sidan dei hadde laga plata «Heimafrå» og spelt seg gjennom landet med 134 konsertar i alt frå små grendehus til Operaen i Oslo.

Det melder Universal music Norge i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Ingenting å vera redd for» er fyrste høyrbare prov på at ideen vart noko av. Ikkje lenge etter møtet sat Odd i koronavåren og laga ei slags glad protestvise mot alt som går på tverke her i verda. «Denne kunne vera noko for oss» tenkte han, og sende ein demo til Ingebjørg. Det blei tommel opp og klappe-emojis frå den andre sida av byen. Seinare har det ikkje gått mindre på tverke i verda, og fleire «protestvers» har blitt lagde til:

Kom, la oss leva i

det under me har fått av tid

Ho er dobbel verda me er i

Det er nok av mørkt og natt

Men det er trippelt opp av ljos her att

Og livet er kort og du er min skatt

«Ingenting å vera redd for» er altså fyrste låten i det som skal bli eit nytt album frå dei to artistane. Med seg har dei fått stjerneprodusent Kåre Chr. Vestrheim, og saman drog dei tre over til Irland for å toppe super norsk folkemusikkpop med den fantastiske lyden av to glimrande folkemusikar dei hadde fått kontakt med der borte – syskenparet Seamus og Caoimhe O’Flaherty. Men dei er ikkje dårlege dei norske musikantane som er med heller. På trommer er det Pål Hausken, på bass spelar Mats Eilertsen og hardingfela blir traktert på eminent vis av medtelemarking Håkon Aase frå Flatdal. Miksen står Mike Hartung for og masteringa Morgan Nicolaisen

Artikkelen held fram under annonsen.

Med «Langt Heimafrå» skal Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga ut på ein stor noregsturné hausten 2023 og vinteren 2024. 10. oktober kjem dei to vinbyggane heim. Då står dei på scena på Vinjehuset. I Telemark skal dei også innom Bø og Skien.