Fekk Medaasprisen 2021: Ingebjørg Bratland.

Ingebjørg Bratland får Medaasprisen 2021

– Utan å gjere stort vesen av det, har ei av landets største stjerner tatt med seg dialekten og folkemusikken inn i eit attkjennande og djupt personleg uttrykk, melder styret i Medaasprisen.

– Det seier noko fint om vår tid at Ingebjørg Bratland ikkje treng å forklare eller forsvare seg. Ho er ein unik og uredd artist som hentar inspirasjon frå røtene, seier styreleiar i Medaaspris-komitéen, Solrun Toft Iversen.

Men ikkje berre derifrå. Ingebjørg Bratland er fødd og oppvaksen i Vinje i Telemark, men har budd brorparten av sitt vaksne liv i Oslo. Storbyen er referanseramma kring mange av songane ho har skrive, ho omfamnar hovudstaden. For henne er det akkurat like naturleg som at ho alt i tenåra var norsk og nordisk meister i folkemusikk. Ho krev å få vere den ho er, skriv styret i Medaasprisen i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingebjørg Bratland har samarbeidd med mange; rap- og rockeartistar, folkemusikarar. Om ho syng saman med Åge Aleksandersen, Aslag Haugen eller OnklP, skin lyset på henne og den særmerkte røysta hennar. Uttrykket er moderne, men ho har alltid med seg element frå kvedinga – i ornamentikk og melodiberande konsonantar.

Ho debuterte med plata «Heimefrå» i 2013. Saman med Odd Nordstoga (som vart tildelt Medaasprisen i 2005), vann ho Spellemannprisen på første freistnaden. Alt før dette hadde ho gjort djupt inntrykk på mange, ikkje minst då ho to år tidlegare song under minnekonserten i Oslo domkyrkje etter 22. juli-hendinga. På plata «Månesinn» (2015) stod ho fram med songar ho hadde skrive sjølv. Gjendiktinga av Bob Dylans To Make You Feel My Love (Fordi eg elskar deg) har sidan vore eit avsluttande høgdepunkt i mange konsertar kring i landet.

Ingebjørg Bratland er ekte vare, men prøv ikkje å setje henne i bås. «Dersom eg blir oppfatta som eit dialekt-førebilete, er det heilt topp», fortalde 24-åringen til VG, «men eg vil ikkje vere noko dialekt-politi. Det kan nok skade meir enn det gagnar dialektbruken.»

– Det er frigjerande. Ingebjørg Bratland er tradisjonell og nyskapande på same tid, akkurat som Ivar Medaas var det, seier Solrun Toft Iversen.

– Gjennom sitt uttrykk tilfører ho norsk popmusikk noko nytt, men djupt attkjennande. Og ho gjer det like naturleg som det er å puste.

Medaasprisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Mellom tidlegare vinnarar finn me Kari Bremnes, Odd Nordstoga, Jon Eikemo, Sigrid Moldestad, Vamp og Lars Lillo-Stenberg.

Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 25.000 kroner. Prisen vert delt ut på Den Nationale Scene 6. desember. I tillegg til Ingebjørg Bratland, vil ei rekkje andre artistar medverka på den tradisjonsrike Medaaspriskonserten.

2020-prisen til Hellbillies

I pressemeldinga melder også styret at Hellbillies får Medaasprisen for 2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei var dristige. Men med klingande hallingmål og raus musikalitet vann dei heile Noreg, seier styreleiar i Medaaspris-komitéen, Solrun Toft Iversen.

Dei var ikkje dei første som song på dialekt. Men å framføra amerikansk rock og country på hallingmål, var nybrotsarbeid av beste merke. I sitt trettiande år vert Hellbillies tildelt Medaasprisen, som eit lysande føredøme for andre norske artistar.

Hellbillies gav ut si debutplate - «Sylvspente boots» - i 1993. Tittelen fortalde om ein Ål-kvartett med klårsyn for kvar dei høyrde heime, men med stor appetitt på amerikansk kultur.

«Det er ein folkeleg kultur, men den er ikkje representativ for norsk folkeliv», forklarte dei på plateomslaget, og bytta ut revolverduellar og rodeoshow med småbrukarar og reinsdyrjakt.

Det var dristig. Tidleg på 1990-talet stod mange vakt om det ein då kalla roots-musikken frå USA. Fleire norske band og artistar innan sjangeren var populære, men dei song helst på engelsk. Det gjorde ikkje Hellbilles. Kombinasjonen av klingande hallingmål og raus musikalitet, synleggjort av brørne Aslag og strengefenomenet Lars Haavard Haugen, trefte eit stort publikum alt frå begynninga.

Med humor og vemod, nokon gongar på same tid, skildra Hellbillies folkeliv og artige typar frå fjell- og dalstroka kring heimbygda. Der var illsinte, gamle Bry’n og bortskjemde Tolleiv. Der var ho Birgjit, som gjorde vaksne menn til lauv i vindkast. Og der var kjærleiken i «Den finast eg veit», kvardagspoetisk og seinare obligatorisk konsertinnslag, står det mellom anna i pressemeldinga.

Medaasprisen melder at det blir prisutdelingskonsert for vinnarane Ingebjørg Bratland og Hellbillies på Den nasjonale scene måndag 6. desember. På konserten vil fleire andre artistar og orkester bidra, og Finn Tokvam vil leie programmet, melder Medaasprisen.

Tidlegare vinnarar av Medaasprisen

Kari Bremnes (2019)

Lars-Lillo Stenberg (2018)

Vamp (2017)

Sigrid Moldestad (2016)

Jon Eikemo og Herborg Kråkevik (2015)

Salhusvinskvetten (2014)

Claus Sellevoll (2013)

Jan Eggum (2012)

Fargespill (2011)

Helge Jordal (2010)

Øystein Sunde (2009)

Olav Stedje (2008)

Jan Arvid Johansen (2007)

Arne Bøe (og Heimalanné) (2006)

Odd Nordstoga (2005)

Unni Løvlid (2003)

Sturla Eide Sundli (2002)

Linda Røyseth (2001)

Linda Fosse Hagen (2000)

Artikkelen held fram under annonsen.