Foredrag: Norsk-bosnieren Igor Dunderovic/Yngvar Dundervik kjem til biblioteket i Åmot.

Igor D. til biblioteket i Åmot

Tysdag 29. september kan ein møte Igor D. i Åmot. Det blir musikalsk-humoristisk foredrag om Noreg, identitet, politikk og kunnskap.

Igor Dunderovic a.k.a. Yngvar Dundervik er ein norsk/bosnisk visesongar og dramatikar. Han er på turné med Folkeakademiet.

Dundervik har spesialisert seg på norske tradisjonar og utlendingar sine møte med dei. Han syng om fetterane sine Ali Baba, Baba Lille Lam, Lam nam fra Vietnam, lille fetter Eddyerkov, og om den store norske låven som i 1274 blei bygd av ein fyr som heitte Magnus Lagabøte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med sine songar har Dundervik vore på både TV og radio.