Fekk støtte: Johannes Grøstad Barstad fekk i fjor haust 250 000 kroner.

I fjor fekk Johannes ein kvart million i støtte. Nå skal det bli delt ut meir pengar

Minnefondet etter Signe og Arne Aas skal kome unge vesttelar til gode.

Minnefondet er ei nyoppretta stifting som skal gje økonomisk støtte til unge etablerarar som vil drive næringsverksemd bygd på tradisjonar i Øvre Telemark. Fondet vert forvalta av styret for Vest-Telemark Museum.

Les også
Skal dele ut to millionar til unge vesttelar som satsar

I haust fekk smeden Johannes Grøstad Barstad, som den fyrste, 250 000 kroner i etablerarstøtte frå minnefondet. Nå skal det bli delt ut meir pengar. Søknadsfristen er 1. april.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fondet har som føremål å yte økonomisk støtte i etableringsfasen for verksemder som kan skape varige arbeidsplassar og busetnad i regionen. Støtteordninga er geografisk avgrensa til Vest-Telemark og kommunane Tinn og Hjartdal. Styret legg vekt på etablering knytt til tradisjonelle handverk og kunstfag.

Storleiken vert fastsett av styret. Det kan vere aktuelt å gjere tildelingar til fleire søkjarar, avhengig av kvaliteten på søknadane, informerer Vest-Telemark museum.

Signe og Arne Aas dreiv fotoforretning i Seljord i mange år. I testamentet til ekteparet stod det at dei ville opprette eit minnefond til unge i Vest-Telemark.

– Oppgåva til Vest-Telemark Museum er å vidareføre det Signe og Arne ynskte i testamentet sitt. Dei ynskte å skape busetting, samt å få tatt vare på flotte tradisjonar her i Vest-Telemark, sa Lars Bjaadal, styreleiar i Vest-Telemark Museum, til VTB i fjor sommar då nyheita blei gjort kjent.