– Det blir bålkos og me kjem til å a kjekke aktivitetar for alle, melder arrangøren.

I dag startar fredagsklubben opp att på Dalen

I dag, fredag 16. oktober startar fredagsklubben opp att og det blir klubb annankvar fredag framover i partallsvekene.

Oppmøte på Filadelfia Dalen, men klubben kjem til å vere mest mogleg ute om vêret tillet det.

– Det blir bålkos og me kjem til å ha kjekke aktivitetar som alle kan vere med på. Dette er ein god måte å starte helga på, melder klubben.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klubben er lagt opp for aldersgruppa 2.–8. klasse.

– Me ønskjer fleire leiarar om nokon er interesserte i å vere med - både ungdom og vaksne er velkomne, avsluttar arrangøren.