Badeplass: I dag opnar den nye badeplassen ved Åmlivatn.

I dag opnar Key West-Ø på Åmdals Verk

VTB-TV sender frå opninga av den nye badeplassen ved Åmlivatn.

Sendinga ser du her:

Dugnadsbygda Åmdals Verk har nok ein gong gått saman om å bygge det ein manglar i bygda. Frå før har gruvemuseet blitt gjenreist, Gruveparken blitt rydda, skianlegg og lysløype blitt bygd og nå dei siste åra er det dugnad mot attgroing som har stått i fokus. Der ein har rydda kratt og skog rundt om i bygda, slik at ein skal kunne sjå kvarandre og bygda. Det siste prosjektet er ein ny badeplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plassen som ligg ved Åmlivatn har fått namnet Key Vest-Ø. Key Vest-Ø er inspirert av Key West i Florida, der ein ser over til Cuba. Det gjer ein også på Åmdals Verk ... Staden badeplassen ligg heiter frå gamalt av Vestø og midt ute i vatnet ligg ei øy som i alle år har blitt kalla Cuba. Difor var det naturleg å kalle staden Key Vest-Ø sidan ein nokså unikt ser over til Cuba.

Det har blitt lagt ned fleire hundre dugnadstimar fordelt på om lag 50 ulike personar i alderen 5 til 70 år. Noko som ikkje er så verst når bygda tel litt over 100 personar.

På badeplassen har det blitt laga volleyballbane, brygge, utsiktspunkt, totempel med skilt til både nord og sør. Det har blitt henta ei hytte som er kombinert skiftebu og toalett. Og det er sjølvsagt palmer, slik det er i sydlegare strøk.

Tokke kommune, Sparebankstiftelsen og Skafså Kraftverk har bidrege med økonomisk støtte. I tillegg har det lokale idrettslaget Åmdal IL bidratt med ein del midlar.

Det vert opning i dag torsdag 2. juli klokka 17.00. VTB-TV sender direkte.

På badeplassen har det blitt laga volleyballbane, brygge, utsiktspunkt, totempel med skilt til både nord og sør.