Eventyrstund: Vigdis Gardsteig Kaasa las eventyret «Pannekaka» denne dagen.

Høgtlesing for barna er eit satsingsområde i barnehagane

Undersøkingar viser at norske skuleelevar les mindre og mindre og har også dårlegare lesekunnskapar enn før. Dette vil barnehagane i Vinje gjere noko med. Her er det høgtlesing minst ein gong i månaden.

VTB var på ei slik høgtlesing for 4-åringar på biblioteket i Åmot. Høgtlesinga er for alle barna i alderen 3-6 år. Vinjesenteret, Folkeakademiet og Mållaget i kommunen er saman om dette prosjektet.

I Åmot er det høglesing éin gong i veka. Denne onsdagen var det Vigdis Gardsteig Kaasa som las for barna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette har eg gleda meg til. Vanlegvis er eg ikkje så energisk om morgonen – eg må ha litt tid på å vakne. Men i dag spratt eg tidleg opp og var full av energi fordi eg visste at eg skulle lese for dykk, sa Gardsteig til barna før høgtlesinga.

Barna sat stille under heile høgtlesinga og lika eventyret. Sjølv om ein las frå bok, så var det likevel skjerm med boksidene som ungane kunne følgje med på.

– Den fysiske boka har vore mykje mindre viktig med åra og ungane les mykje på datamaskinen. Me har hatt denne høgtlesinga sidan hausten 2022 og det er no eit satsingsområde for barnehagane i Vinje. Det nivået du har på språket ditt når du er 4 år følgjer deg resten av livet, seier Marte Nystog, verksemdsleiar i barnehagen.

Fellesskapet ein skapar under høgtlesinga er også viktig for barnehagane og nynorsk er populært. Bøkene som er på nynorsk er dei som blir lese mest.

– Dette er også eit viktig verktøy i integreringa av flyktningane i barnehagane. Gjennom å lære språket sosialiserer dei seg i leik og prat med dei norske ungane, fortel Nystog.

Lesestund: – Dei som les på dugnad for barna synest det er eit viktig arbeid og god ide. I dag har me om lag tolv personar som les på omgang for ungane i Vinje. Mest takk må me rette til Folkeakademiet, det var dei som kom med denne ideen og tok kontakt med biblioteket, seier Marte Nystog, verksemdsleiar i barnehagen.
Bibliotekar: – Eg ordnar det praktiske med høgtlesinga her på biblioteket og vel ut bøker for ungane, seier Lene Skree Breidalen.
Fylgde med: Alan Tosen Ibrahim fylgde godt med under høgtlesinga og valde seg ei bok om ein brun bjørn etterpå.