Fekk pris: «Dama som skin og varmar om kapp med sola», var attesten Anne Lise Andersen fekk i samband med utdelinga av solprisen laurdag. Til høgre: Konferansier Venke Bakke.

Ho gjer dagen lysare og varmare for alle som kjem i hennar veg

Anne Lise Andersen fekk laurdag Solprisen då dei på Dalen feira at sola er tilbake.

Det er Dalen næringsskipnad som deler ut Solprisen 2024 i samband med solfesten på Dalen.

I grunngjevinga til årets prisvinnar står det:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Sjølv om vi her på Dalen er utan sol nokre veker om året, skin sola kvar gong Anne Lise kjem. Ho er som ei solstråle som gjev lys og energi der ho ferdast. Ho møter oss med varme og ser alle. Anne Lise er eit ja-menneske. Ho brettar opp ermet og hjelper til der det trengst. Ho delar villig med seg både av kunnskap og erfaring. Ingen dugnad for liten, ingen for stor. Det er ikkje få gonger Anne Lise kjem med fersk bakst, nytrekt kaffi og blomar. Anne Lise er engasjert i mange lag. Ho har og vore ein viktig person i integrering av nye Tokkebuarar. Hennar opne og respektfulle måte å bidra i lokalsamfunnet på, gjev positive ringverknader. Anne Lise sender solstrålar ut til omgjevnadene utan å vere klar over det og utan å ville ha merksemd rundt sin eigen person. Ho gjer rett og slett dagen lysare og varmare for alle som kjem i hennar veg.»

Då VTB fekk tak i prisvinnaren måndag føremiddag dreiv ho på med dugnadsarbeid – då var ho på veg for prøve å få gevinstar til basaren til Skafså fjellkyrkje.

– Når ein er så gamal som meg er me vande med å drive dugnad, seier ho, og røper at ho er 78 år.

Andersen meiner det er «så mange andre» som fortener prisen.

– Det er mange som driv dugnadsarbeid, så eg får dele den med dei, seier ho.

– Men det var veldig triveleg, altså, kommenterer ho om det å bli sett pris på.

Sola kom

Brith Wenche Aarstad frå Dalen næringsskipnad, seier det var ein fin dag med mange frammøtte.

– Dagen starta skya, men sola titta fram på ettermiddagen. Flott underhaldning av Erik Mogeno, latter både for små og store, melder Aarstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Beste kostyme: Signe Gunn Timland som vaktmeister fekk prisen for beste kostyme.
Vinnarane: Alle vinnarane av ulike kategoriar samla på scena.