Annveig Lysdahl Olsnes (fremst i bildet), Mari Hovden Høgset (t.v.), Liv Mondal Ljostad, Sunniva Tveito, Ylvali Landgård Skarprud, Sebastian Djuvet Slåtta og Hashimi Abdi Mohamed. 	Alle
Annveig Lysdahl Olsnes (fremst i bildet), Mari Hovden Høgset (t.v.), Liv Mondal Ljostad, Sunniva Tveito, Ylvali Landgård Skarprud, Sebastian Djuvet Slåtta og Hashimi Abdi Mohamed. Alle

Her samlast alle gjengane på skulen

Juniorklubben på Vinjehuset er ein populær samlingsstad for born frå 4. til 7. klasse ved Åmot skule.

– Det beste med å vera her er at alle venene våre er her. Det er så moro at me skulle ønskje det var oftare, seier Torjus Mondal Ljosdal. Han går i sjette klasse, og tar det roleg på ein av sofaane på klubben saman med kameratane Åsmund Hommo, Sebastian Djuvet Slåtta og Olav Gøytil. Dei har kjøpt seg litt snacks i kiosken og kosar seg med litt speling. Ved sida av dei spelar ein gjeng biljard. I rommet lenger inn i bygget begynnar dansegolvet å fylle seg. Der skal dei straks sette i gang med danseleiken «Frys!», og alle har songønskje til DJ Slåtta.

Ein stad for alle

Iselin Øyre og Åse Slåtta sakna ein stad der borna deira kunne samlast, på tvers av venegjengar og skuleklassar. Og ein stad der skjermane ikkje skulle vera i fokus. Så dei slo seg saman og skapte ein slik stad. Juniorklubben på Vinjehuset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er verkeleg noko anna enn å sitje framfor ein skjerm og chatte med kvarandre. Andlet til andlet kan vera fint det òg, smiler Øyre.

– Me starta med femte til sjuande klasse i januar i fjor. Det var populært, og det er sjeldan under 40 deltakarar, fortel Slåtta.

Kvar fyrste fredag i månaden heile skuleåret opnar dei Blåmann-rommet i kjellaren på Vinjehuset, og tilbyr diskotek, bordtennis, biljard og brettspel. Og open kiosk, så klart. Den er svært populær.

Marjit M. Kostveit og Odin Øyre Åland tek biljard veldig seriøst.
Marjit M. Kostveit og Odin Øyre Åland tek biljard veldig seriøst.
Haakon Nordstoga (t.v.) Lars Austjore Våle, Saamund Nessæther og Oskar Nestestog Tennant diskuterer bil og traktor.
Haakon Nordstoga (t.v.) Lars Austjore Våle, Saamund Nessæther og Oskar Nestestog Tennant diskuterer bil og traktor.
Hannah A. Mohammed, Oda H. Høgset, Annbjørg Ringhus, Eirin K. Seltveit, Guro H. Hommo, Helbjørg V. Nygård og Øystein Groven.
Hannah A. Mohammed, Oda H. Høgset, Annbjørg Ringhus, Eirin K. Seltveit, Guro H. Hommo, Helbjørg V. Nygård og Øystein Groven.
Set på «Say, say, say» med Michael Jackson og Paul McCartney, sa Jon Sandvik.
Set på «Say, say, say» med Michael Jackson og Paul McCartney, sa Jon Sandvik.
Jon Sandvik (t.v.), Torgeir Vigerust Aase, Annveig Lysdahl Olsnes, Emma Bråstøyl, Kaja Johansen Olsnes, Elin Tjønn og Kjetil Tveito Skjævesland.
Jon Sandvik (t.v.), Torgeir Vigerust Aase, Annveig Lysdahl Olsnes, Emma Bråstøyl, Kaja Johansen Olsnes, Elin Tjønn og Kjetil Tveito Skjævesland.
Hashimi Abdi Mohamed og Kjetil Tveito Skjævesland.
Hashimi Abdi Mohamed og Kjetil Tveito Skjævesland.
Juniorklubben var full fredag kveld.
Juniorklubben var full fredag kveld.
Åse Slåtta og Iselin Øyre er grunnleggarar av Juniorklubben på Vinjehuset.
Åse Slåtta og Iselin Øyre er grunnleggarar av Juniorklubben på Vinjehuset.

Då dei starta opp att etter nyttår i år fekk også fjerde klasse bli med på moroa.

– Dei skal jo snart ned på mellomtrinnet, og me fann ut at dette var ein fin måte for dei å bli kjent med dei dei skal gå saman med, seier Øyre.

I haust arrangerte dei Halloween-fest på Knatten, og då kom alle på heile mellomtrinnet, utanom to som hadde blitt sjuke.

– Det var veldig moro, og det var tydeleg at alle kosa seg veldig med å kle seg ut og reise på fest, seier dei engasjerte damene, som gjer alt på friviljug basis.

Dei tek annakvar gong sjølve, og har med seg tre andre foreldre som vakter og kioskarbeidarar i tillegg. Dei er veldig glade for at alle er så positive til ordninga. Alle foreldra er i ei facebookgruppe der dei planlegg saman.

Artikkelen held fram under annonsen.

Moroast å sitje og snakke

Forbi dansegolvet og bordtennisrommet, lengst inne i lokalet, sit ein gjeng og pratar og ler. Dei likar best å berre henge og snakke.

– Det er moroast å snakke saman, og så kan ein heller vera med på ein aktivitet etter kvart viss ein vil det, seier sjetteklassingen Annbjørg Ringhus.

Med ostepop, brettspel, diskokule og godt selskap svinga dei om lag førti mellomtrinn-elevane seg i to og ein halv time fredag. No gler dei seg til neste gong.