Granås lærte ungdommane å smi: Her frå eit besøk ungdomsskuleelevane i Kviteseid hadde av smed Terje Anders Granås i 2021. Remi Kleiv Haugen (t.v.) og alle dei andre elevane fekk lage kvar si ildrake.

Heidrar smedane med særutstilling

Årets særutstilling på Dyrsku'n har smiing som tema. Det vil bli vist arbeid frå fem tradisjonshandverkarar.

Det er dei fem smedane Terje Anders Granås, Simen Roheim Iversen, Johannes Grøstad Barstad, Ola Svensson og Steven Carpenter som viser fram arbeida sine.

Ola Svensson lever av å vere smed, og undervise i faget, og tar med seg tradisjonelle trearbeidsverktøy til særutstillinga i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Simen Roheim Iversen smir munnharper med tilhøyrande skrin. På særutstillinga vil Iversen vise fram tre munnharper med skrin inspirert av Telemark, Setesdalen og Valdres.

Svartdølen Johannes Grøstad Barstad starta å smi då han studerte på universitetet i Rauland, som førte han vidare til smedlina på Dovre før han gjekk i læretid hos kunstsmed Steven Carpenter.

Barstad og Carpenter skal stille ut eit felles prosjekt på særutstillinga der dei har rekonstruert ei over 500 år gamal stavkyrkjedør frå Botnedalen i oppdrag frå Tokke historielag. Den nye døra blir vist fram saman med den originale stavkyrkjedøra.

Smeden Terje Granås har vore smed i 25 år og arbeidd mykje med gamle handverksteknikkar. På særutstillinga vil han vise fram tradisjonsrike verktøy av lokale modellar.

Granås er oppteken av å formidle vidare smedkunsten, og i fjor vår besøkte han elevane i 8.-, 9.-, og 10.-klasse ved Kviteseid skule og gav dei ei innføring i bruk av reiskap og smedarbeid ved felteisene. Elevane fekk høyre om handverkshistoria medan dei i ulike operasjonar får lære om oppfyring, temperatur, korleis materialet reagerer og korleis ein kan jobbe med ulik reiskap når smijernet er varmt.

– Det er utruleg moro å møte ungdommane og lære dei litt om faget mitt, uttala smeden som har hatt gleda av å reise rundt med den kulturelle skulesekken for å undervise elevar på ungdomsskular og vidaregåande skular i Agder, Telemark og Rogaland dei fire siste åra.