annonse

Heidra venen og meisterspelemannen Bjarne Herrefoss (1931–2002)

Heidra spelemannen
Heidra spelemannen: I alt 15 spelemenn og ein kvedar heidra Bjarne Herrefoss. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Torgeir Straand
Torgeir Straand: Bøheringen var fyrste utøvar. Han spela Skuldalsbruri. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Hallvard T. Bjørgum
Hallvard T. Bjørgum: Setesdølen hadde akkurat måtta avliva hesten sin same dag, og fann det difor naturleg å spela Førnesbrunen. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Lars-Ingar Meyer Fjeld
Lars-Ingar Meyer Fjeld: Han møtte aldri Bjarne, men fortalde kor gripen han vart av opptaka frå landskappleiken på Voss i 1991 der Herrefoss spela Hildalen og Fjellrosa. På Sandvin spela Fjeld Fossegrimen. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Svein Olav Krontveit
Svein Olav Krontveit: Raulendingen spela springaren Under-lona. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Ottar Kåsa
Ottar Kåsa: Spelemannen og felemakaren frå Arabygdi, busett i Bø, såg på Bjarne nærast som ein gud, og torde ikkje reise på besøk til han. I staden høyrde han på kasettopptak. Kåsa gledde publikum på Sandvin med slåtten Tjugedalaren. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Gro Verpe Moen
Gro Verpe Moen: Kvedaren vaks opp i grannelaget til Bjarne i Øvre Bø. Han var mykje i barndomsheimen hennar, og som unge kunne ho både sovne og vakne til Bjarne-spel, fortalde ho. For å heidre meisterspelemannen, som hadde barneåra sine på Seljordshei, song ho Heivisa som er skriven av Andreas Sandsdalen. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Egil Syversbråten
Egil Syversbråten: Hallingdølen fortalde at Bjarne, av alle Sataslåtten-låttane, lika Fuglen best. Difor spela han denne. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Per Anders Buen Garnås
Per Anders Buen Garnås: Bøheringen spela slåtten Nyrenning – ein slått han fortalde han kjende sterk nærleik til Bjarne i. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Johannes Sundsvalen
Johannes Sundsvalen: Sauheringen omtala Bjarne som ein av dei store favorittane. Sundsvalen heidra minnet med å spela Fjellrosa. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Magne Herrefoss
Magne Herrefoss: Han spela Huldredalen, ein slått far hans har komponert. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Stein Versto
Stein Versto: Vinbyggjen, som også var programleiar for kvelden, spela gangaren Gudbrandsdølen. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Alf Tveit
Alf Tveit: Fortalde at han hadde kjent Bjarne sidan gutedagane. Bjarne Herrefoss hogg tømmer i Fyresdal i lag med far hans, og då spela han nesten kvar kveld. Tveit spela ein slått som Bjarne lika godt – ein Flatlandspringar som han hadde etter Olav Evju. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Erland Tveiti
Erland Tveiti: Spela ein vestlandsslått han hadde etter Bjarne; Vassendaslåtten. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Herbjørn Liahagen
Herbjørn Liahagen: Hemsedølen spela Kongelåtten for å heidre Bjarne. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Knut Hamre
Knut Hamre: Hardingen fortalde om fyrste gongen han møtte Bjarne. Då var han 16 år gamal og hadde reist eismal på kappleik i Bø. Fredagskvelden spela han gangaren Spelar-Guro. (Foto: Anne Sofie Tresland)
Einar Øverland
Einar Øverland: Var siste utøvar, og spela Floketjønn. Avslutningsvis tona gangaren Vårlengt i opptak med Bjarne sjølv ut over høgttalaranlegget. (Foto: Anne Sofie Tresland)

+ Utøvarane understreka gong etter gong kor stor ære dei synest det var å bli spurd om å bidra på konserten «Arven etter Bjarne». I alt 15 spelemenn og ein kvedar var på scenen i eit stappfullt Sandvin i Bø fredagskvelden. Her kan du sjå kven som deltok. Vest-Telemark blad kjem tilbake med omtale av minnekvelden, biografi og cd-utgjeving i avisa til veka.

Anne Sofie Tresland


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse