Haustvisa

Av Ivar Aasen (Symra, 1863)

Sumaren kverv og snur seg burt;

Dag etter Dag han ut or Synom siger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Graset vil verda styrdt og turt.

Ljoset vil minka; Myrkret stiger.

Dagen er stutt, Og Natti lang;

so er no Aarsens gamle Gang.

Lysande gult er Lauvet litt.

Heppelegt Liv, som fær so fager Daude!

Skogen er trøytt av Plagget sitt;

ymise Toppar standa snaude.

Artikkelen held fram under annonsen.

Losnat av Kvistom eitt og eitt

ligg yver Jordi Lauvet breidt.

Snart er den ljose Bjørki snaud;

snart faa me sjaa det sidste Lauvet losna.

Hagen er tom, og Engi aud,

Røterna standa i Jordi frosna.

Men yver Jordi, aud og tom,

ligger det Fræ til Gras og Blom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vetteren kjemer kald og streng;

sæl er no den, som kann i Husom hyggjast.

Gleda flyr ifraa Mark og Eng,

Fuglarne burt or Bygdom styggjast,

men sine Reid ifraa sidste Vaar

vitja dei vist eit annat Aar.

Endaa me vilja paa Landet sjaa,

helst naar me faa ein liten Glytt av Soli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eingong me fegre Dagar faa,

helst naar det lider fram um Joli.

Og etter all den lange Kvild

kjemer vel Vaaren, ljos og mild.

Haust på fjellet: Nydeleg haustdag i oktober på Haukelifjell. Eit snødekt Dyreskar bak til høgre i bildet.
Ved Kjelavatn: Nydeleg oktoberdag på Haukelifjell.
Vakker oktoberdag: Ulevåvatnet glitra i det flotte haustvêret og Verjesteinsnuten viste seg majestetisk fram.
Haust: Flott oktoberdag på Haukelifjell.