For tredje året styrer Inger Torvetjønn kjevlet, medan Yvonne Minde steiker og smører kling til kundar som kjem innom stallen for å handle. 		Alle
For tredje året styrer Inger Torvetjønn kjevlet, medan Yvonne Minde steiker og smører kling til kundar som kjem innom stallen for å handle. Alle

Har steikt hundrevis av kling på jolemarknaden

– Me har nok kjevla, steikt og smurd hundrevis leivar kling no, fortel Inger Torvetjønn og Yvonne Minde i stallen på Telemarkstunet på Rauland.

Rauland

For tredje året og tredje helga på rad kan gjestene som besøker den årvisse jolemarknaden på Telemarkstunet ved Raulandsakademiet trekke opp dynna til stallen, og bli ynskt velkomne inn til lukta av nysteikt brau og kling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inger Torvetjønn og Yvonne Minde, seier det har vore jamt besøk sidan jolemarknaden opna i november.

Og det stegar jamt gjester innom som vil sikre bakst til ettermiddagskaffien eller spare han til jol denne dagen også.

– Sidan me starta å bake i haust har me seld hundrevis av leivar, meiner Torvetjønn som svingar kjevlet over eit nytt deigemne og fortel at det berre er desse fire adventshelgene dei bakar kling og brau saman for sal.

Odd Jørgen Bergland frå Fyresdal hadde med seg ei rekkje knivar og skaftemne for sal på jolemarknaden på Rauland.
Odd Jørgen Bergland frå Fyresdal hadde med seg ei rekkje knivar og skaftemne for sal på jolemarknaden på Rauland.
Odd Jørgen Bergland lagar alt på knivane han sel sjølv.
Odd Jørgen Bergland lagar alt på knivane han sel sjølv.
Rett frå steinomnen kom desse ferske kanelsnurrane.
Rett frå steinomnen kom desse ferske kanelsnurrane.
Det var mange flotte arbeid og gode gåvetips.
Det var mange flotte arbeid og gode gåvetips.
Triveleg pynt, ikkje berre til jol.
Triveleg pynt, ikkje berre til jol.

Viser fram hobbyen

Det er enno høve til å ta turen innom jolemarknaden på Telemarkstunet, som viser alt frå nyttige kvardagsprodukt til kunst og handverk og bakst. Inne i Gardsjordstoga, eldhuset, stallen eller låven er det mykje flott å sjå på, og kanskje ein og annan jolegåve, og marknaden held ope fyrstkomande helg også.

Mange av utstillarane har vist fram varer og arbeida sine heile perioden som jolemarknaden har halde ope, medan andre har tatt ein dagstur for å vise fram arbeida sine i Gardsjordstoga.

Ein av desse er Odd Jørgen Bergland frå Hauggrend i Fyresdal. Han fortel at knivmaking har vore ein hobby i nokre år, og at han for fyrste gong har besøkt jolemarknadar i år.

– Eg lagar alt på kniven sjølv. Smir bladet med ein koparsirkel som bumerke, eg hentar alt av emne ute i heiane til skaft og syr slirene sjølv, seier fyresdølen som hadde selskap av handverkarane Aslaug Jore, Marie Ridderhus og Linn Sigrid Bratland som også selde sine produkt laurdag.

Konsertar

I tillegg til kafesal, bakst og gåver, har det også vore høve til å få med seg ein konsert kvar helg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag gjesta Øyunn Romtveit Årestoga og framførte viser av Aasmund O. Vinje. Laurdag 15. desember vil Robbie Bankes halde konsert for gjestene på jolemarknaden.

tone.tveit@vtb.no