Har fått med dei unge i arbeidet med det historiske årsskriftet
Elevar frå Kyrkjebygda oppvekstsenter og Tveit skule er blant dei som bidreg til innhald når Nissedal mållag nok ein gong er aktuelle med årsskriftet «Gamalt og nytt frå Nissedal».
– Det er gildt at me har dei unge med på laget i årsskriftet vårt. Også i denne utgåva syner både Kyrkjebygda oppvekstsenter og Tveit skule fram litt av det dei har arbeidd med, skriv skriftstyret til lesarane.
I tillegg blir oppgåvesvara frå skrivetevlinga på Nissedal ungdomsskule presentert.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er 20 år sidan mållaget starta arbeidet med å gje ut eit årsskrift. Årets utgåve er på meir enn 150 sider med innhald frå dei ulike grendene i kommunen.
Minnest skribent
Anna Tveit Olsen var i mange år viktig både i mållaget og i arbeidet med årsskriftet, heilt fram til stutt tid før ho døydde. Ho var med i planlegginga av årets utgåve og var tidleg ute med å levere inn både foto og artikkel skriv skriftstyret i forordet til boka. Ho har skrive artikkelen om «sukkermangel sommaren 1975» og om ein tur til Gaustatoppen i 1953.
«Me minnest Anna med glede og takkar for det ho var,» skriv skriftsstyret om kollegaen sin.
I styret sit Harald Valle, Kari Anna Onestad, Asbjørn Nes Hansen, Anne Reime, Olav Jakob Tveit og Tor Valle. Om årsskriftarbeidet skriv dei at dei har henta fram mykje som fort kunne hamna i gløymeboka.
– Og framleis ligg fleire verdifulle historier og forteljingar og ventar på å kome fram i ljoset, skriv dei og ber om at dei som har soger på lager gjerne må ta kontakt.
Russarleir på Fjone
Aud Grimstveit skriv om skuleåra sine på Baksås – den fyrste fastskulen i kommunen. Skulen var i drift fram til 1967. Bjarne Reime har snakka med Tellef Wik. Han minnest 2. verdskrig på Fjone. Wik hugsar krigsutbrotet og at familien reiste frå Tromøya utanfor Arendal til skyldfolk i Nissedal alt kvelden 9. april.
«På Arendal stasjon såg eg den fyrste tyskaren med våpen i hand. Det gløymer eg ikkje!»
Tyskarane kom fyrst i februar 1944 til Fjone for å etablere fangeleir for russiske fangar. Sjølve fangeleiren var ved Fjone skule. Der sette dei opp piggtrådgjerde og vakttårn, står det i årsskriftet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Blant anna i årsskriftet har Tor Valle snakka med Bjarne Reime om staselege bygningar i gamal stil på Vik heimre, Geir Ufs skriv om Leif Kvås som har køyrd lastebil i nesten 50 år og historia om bjørnen Lefto, og Torgeir Nordal har eit kapittel om kva avisene skreiv om Nissedal i 1924 – for 100 år sidan. Frå Nasjonalbiblioteket har han mellom anna funne at ni forretningar i Nissedal i mars 24 blei samde om å innføre kontanthandel – å handle på krita blei ikkje lenger mogleg (med mindre ein hadde gløymd pengar, då kunne ein få kreditt på opptil kr. 10,-.)