Testar: Una Merethe Wraa og Marit Ellefsen Høgstli testar eit av apparata.

Har bygd utandørs treningssenter: – Me måtte ha noko me kan bli spreke av

I fire dagar har ivrige dugnadsarbeidarar vore i sving for å setje opp treningsapparat i Ågapet i Kviteseid.

Blant dei som var på dugnad då VTB var innom torsdagskvelden var både ordførar, kommunedirektør og næringssjef.

LHL Kviteseid og Kviteseid jeger- og fiskarforeining har vore sentrale i dugnadsarbeidet som var venta å bli fullført torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blir ikkje dette bra, då! seier Marit Ellefsen Høgstli frå Kviteseid LHL.

– Du må få med at Kviteseid betong kom med støyp! kommenterer Gunn Norheim Riis.

I førre veke blei området rydda. Denne veka har dei ulike trimapparata blitt montert – slik at alle som ynskjer det kan trene i vakre omgjevnader og med utsikt til Kviteseid sentrum.

Kviteseid kommune fekk om lag 100 000 kroner frå fylkeskommunen. Snart kom ideen om trimparken i Ågapet.

– Me måtte ha noko me kan bli spreke av, seier Høgstli.