Johan Vaa viser fram boka om Neset, som blei lansert på fredag. Omslaget er ein akvarell gjort av Patricia Larsen, som budde på garden store delar av det førre århundre.
Johan Vaa viser fram boka om Neset, som blei lansert på fredag. Omslaget er ein akvarell gjort av Patricia Larsen, som budde på garden store delar av det førre århundre.

Han har skrive bok om perla ved Totak

Johan Vaa frå Rauland har stått i bresjen for å skrive boka som har blitt eit historisk dokument om garden Neset.

På fredag opna noverande eigar av Neset, Liv Bente Tvenge, dei årlege Neset-dagane med boklansering i Torvetjønnstoga. No har historiene knytt til garden ho er så glad i blitt foreviga i bokform. For tre år sidan fekk ho med seg lokalhistorikar Johan Vaa på laget. Tysdag for ei veke sidan tok me ein prat med raulendingen om tankane rundt boka han har skrive.

– Liv Bente spurde meg om eg kunne tenke meg å skrive om Neset. Det er veldig mange gamle interessante bygningar der borte, så det ville eg gjerne, fortel Johan, som har skrive hovudbolken av boka, unnateke nokre kapittel skrivne av Liv Bente og museumsdirektør Dag Rorgemoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Familien som samla på hus

Over fleire kapittel får vi også bli kjende med Larsen-familien, som var dei som eigde Neset frå 1954 til 1982. Harry Irgens Larsen var ein trønder som slo seg stort opp innan shipping i Amerika i etterkrigstida. Der trefte han kona Patricia, og på femtitalet kjøpte dei Neset for å ha fotfeste i Noreg. I åra som følgde samla dei bygningar frå forskjellige stader i Rauland og sette dei på Neset.

– Det finst det ein god del kjeldemateriale om familien Larsen. Patricia Larsen skreiv til dømes ei dagbok om opphaldet på Neset. Delar av ho er med i boka. Sonen Rick Larsen skreiv i 1991 eit manus som ikkje er publisert, men som eg har fått tak i. Der fortel han om forholdet til far sin og om den økonomiske nedturen i samband med at faren døydde i 1982. Då måtte familien pantsetje eigedomen ved Totak, seier Johan.  

For å fortelje om dei ulike bygningane og historiene deira, har Johan mellom anna bruka bygdeboka for Rauland og Vinje som kjelde.

Sjølve blomen på garden

Torvetjønnstoga, som Johan sjølv omtalar som blomen blant dei mange bygningane på Neset, har det versert litt ulike historier om. Både når det gjeld byggeår og kven som har vore handverkarar.

– For å ta rosemålinga fyrst, så har det blitt sagt av mange at det er Talleiv Målar, ein av dei mest kjende frå Telemark på 1700-talet, som er rosemålaren. Men det meinte Øystein Vesaas var heilt feil, og Kåre Haugen frå Flatdal meiner i dag det same. Dei peikar båe to på ein annan ukjend målar. Og når det gjeld årstalet for bygging har ein lenge operert med året 1757, grunna eit årstal som står i stoga, men det har nok heller vore tidspunktet for ei ombygging. Opphavleg var det nemleg ei årestoge med ope himling, fortel Johan, som over 115 sider ryddar opp i myter, rykte og feil i historia til Neset.

I vår blei det gjennomført ei årringsanalyse av Torvetjønnstoga. Etter den å døme er det 1714 som er den nye konklusjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dansa springar på boklanseringa

Og det var akkurat i sjølvaste Torvetjønnstoga at boklanseringa fann stad fredag kveld. På førehand hadde Johan fortalt VTB at han hadde bruka veten på å lære Liv Bente å danse springar, så han tenkte dei skulle opne med det. Og slik blei det.

– Me dansa springar medan Erland Tveiti spelte, og fekk meir enn godkjent frå publikum, seier Liv Bente – blid som ei sol på telefon måndag. Dei var om lag 30 personar som pressa seg saman inne i stoga, grunna det litt våte vêret.

– Me fekk klemt til oss ein liten runding å danse på. Det blei ei veldig spesiell og fin stemning der inne. Me har faktisk selt 100 bøkar alt, berre i løpet av helga. Dette er jo ei sær bok med historie og kultur, så det er veldig hyggeleg at me har fått så god respons. Folk som har besøkt Neset blir fascinerte av staden, og vil såleis vite meir. Eg synest Johan har vore veldig flink til å trekke fram både fortid og notid, og ikkje berre gamal kultur, seier Liv Bente entusiastisk.

No kan Per og Pål også sjå bygningane

Neset-dagane blei ein suksess i år også, med både Aasmund Nordstoga, Sigrid Moldestad, SVER og NiLiv på programmet. Trass i gråvêret møtte folk opp for konsertopplevingar på garden som er reine måleriet der han ligg og skin i vasskanten. Johan seier han er veldig glad for at Liv Bente står på for å halde liv i Neset.

– Det er veldig fint alt ho får til der borte. Ho har både vilje og økonomisk ryggrad til å ta seg av det veldige vedlikehaldet det inneber å ha slike gamle bygningar. Ei anna side av det er måten ho brukar garden på. No er ikkje bygningane eksklusive lenger, slik ein nok må seie at dei var i Larsen si tid. No er det høve for Per og Pål å sjå dei. Og så kan ein seie at dei kanskje burde vore på museum i staden, men eg vil seie at vern gjennom bruk er betre.