Hallinggutar på Fristadsenteret: Desse spretne gutane går i 6. og 7. klasse på Åmot skule, og sytte for hallingshow på Fristadsenteret til inntekt for TV-aksjonen. Bak: Teo Nestestog Tennant; midten f.v. Ingar Kostveit Seltveit, Iver Øyre Aaland, Halvor Nordheim og Vebjørn Groven; fremst f.v. Øystein Ringhus Bjaaen og Sigve Nessæther.

Hallingstunt for Leger Utan Grenser: – Betre enn hiphop

Felemusikken ljoma ved hovudinngangen på Fristadsenteret midt på dagen fredag, og golvet var dekt med raude og grøne gymmatter. –Me var her på onsdag også, og då fekk me inn 2500 kroner på tre skuletimar. Eller 135 minutt, for å vere nøyaktig, smiler gutane som står for stuntet.

Gutane har hatt likande stunt tidlegare år også.

– I fjor viste me backflip og salto, litt meir slik hiphop-stil, fortel Vebjørn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men så kom det ei dame og såg på oss, og ho spurde om me ikkje ville lære halling, la ein annan av gutane til.

– Det var ikkje berre ei dame, det var Ellen Nordstoga, lo ein tredje.

Dansa for «hatten»: – Folk gjev pengar i capsen, eller dei vippsar, fortel Iver.

Etter det har gutane gått og lært halling kvar onsdag, og dei er ikkje i tvil:

– Halling er betre enn hiphop!