Klar: Håkon Aase gler seg til å endeleg framføre eigen musikk, når han tek med tilhøyrarane på ei musikalsk togreise, gjennom tingingsverket Locus, som opnar Telemarkfestivalen torsdag.
Rakel E. Paulsen
Håkon er ein musikalsk verdsborgar – skal ta med festivalgjestene på ei togreise. – Ein god porsjon ekstra sommarfuglar i magen
Håkon Aase frå Flatdal opnar Telemarkfestivalen med tingingsverket Locus torsdag kveld.
Arrangørane skildrar Aase som «fostra opp på tradisjonsmusikken frå Telemark og andre musikkformer i ein musikalsk familie». Trass ung alder har han gjort seg merkt med eminent og eigenarta felespel, kyter arrangørane vidare i programmet for Telemarkfestivalen.
Sjølv fortel Aase at han fyrst starta å spele piano og trommer på barneskulen, før han på ungdomsskulen vart begeistra for klassisk musikk – spesielt fiolinverka til Vivaldi og Bach. Sidan då har han fylt på med monaleg musikalsk fagleg påfyll, fyrst på musikklina i Skien, så eit år på jazzlina på Sund folkehøgskule i Trøndelag og til slutt fire år på musikkhøgskulen i Oslo.
Medan han studerte byrja han å turnere utanlands med Mathias Eick kvintett og Thomas Strønen sitt ensemble «Time is a Blind Guide». Og etter fleire år med speling i ulike jazzkonstellasjonar har han i seinare tid blitt med i Odd Nordstoga sitt band og «Heimafrå»-prosjektet til Odd og Ingebjørg Bratland, som spelar på Telemarksfestivalen laurdag.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP