Green sunday: Linnea Bang Madsen i Seljord husflidslag vil lage ei motvekt til kjøpepress og forbruksspiral. På Green Sunday handlar det om lage sjølv, gjenbruke og reparere.

Grønt er det nye svarte

«Black Friday» har etter kvart breidd seg ut til å bli ei heil svart veke med meir eller mindre gode førjolstilbod på tampen av november. Husflidslaget i Seljord vil skape ei motvekt til forbrukspresset, og skipar til «Green Sunday».

I gymsalen på Seljord folkehøgskule er det tre hovudverdiar som vert løfta fram på den grøne sundagen: lage sjølv, gjenbruke og reparere. Ribbeveggen og fleire bord er fulle av brukte klede til 10 kroner plagget. Ungar lagar jolepynt av papir og strå, og teiknar og målar med fargar laga i Seljord. Lokale handverkarar viser fram og sel produkt. Og ved eit langt bord i enden av salen får ein lære å reparere klede.

Grønt kupp: Denne ungdommen har kjøpt seg ein strikkegenser til 10 kroner.
Heimelaga: Jolepynt av tre, papir, kork og konglar.

Ved reparasjonsbordet sit leiar i Seljord husflidslag, Linnea Bang Madsen, med ein holete strikkesokk. Den eine handa hennar held ein stoppesopp inni sokken for å støtte opp og gje den rett form, medan den andre handa er i sving med nål og ulltråd. Sakte men sikkert kjem hælen i hop att.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me blir nøydde til, alle saman, å ta litt meir ansvar og ikkje kaste så mykje klede som me gjer, men i staden reparere det som går sund, slår Madsen fast på klingande dansk.

– Men er alle klede eigna for å bli reparert?

– Viss dei ikkje er eigna for å bli reparert, så er dei ikkje verd å kjøpe, svarar Madsen kontant. Ho reiser seg frå stolen og viser fram olabuksa si. Det eine låret er dekorert av fleire store lappar.

Sashiko: I Japan har dei reparert og forsterka klede med denne teknikken i hundrevis av år, fortel Madsen. – Og det er jo superdekorativt.

– Her har eg reparert med ein japansk teknikk som heiter sashiko. Den har blitt brukt i hundrevis av år til å forsterke klede. Og så er det jo superdekorativt, smiler Madsen.

– Og så er det jo også eit statement. Når du reparerer seier du samstundes «eg er veldig glad i buksa mi, og sjølv om den har eit hol, så treng eg ikkje kaste den.»

Vanskelegare å kaste det som er heimelaga

Også handarbeid og heimelaga ting vert løfta fram i Seljord.

– Du får eit heilt anna forhold til tinga når du kan knytte dei til ein person. Kanskje du kjenner dei som har strikka dei sokkane eller vottane eller genseren, seier Borghild Telnes.

– Det er ikkje så lett å kaste ting heller når du veit kven som har laga det, legg ho til og stryk over kofta ho sjølv går med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mor mi har strikka denne, og det hugsar eg jo på.

Kjensler motverkar kasting: – Det er ikkje så lett å kaste ting når du veit kven som har laga det, seier Borghild Telnes. Kofta ho går med er strikka av mor hennar.

På hennar stasjon er det ikkje tekstil som er i fokus, men fargar. Heimelaga fargar.

– Du knuser stein i ein vanleg kjøkkenmortar. Det er lurt å ha ein som berre er til det, då. Så får du eit fint støv som du blandar med bivoks i ein kjele. Du kokar det opp til det blir flytande, heller det i eit plastrøyr og let det så til det har stivna, forklarar Telnes og viser fram ein teiknestift med lokal raudfarge frå Seljord.

– Den heiter hanakam-raud, og er laga med stein frå Hanakamjuvet i Kivledalen. Fargen ser litt rar ut, men den blir veldig fin når du teiknar med den, berre sjå her, seier ho og fargelegg litt på eit ark.

Kivledalsfarge: Denne raude fargestiften har Borghild Telnes koka saman på kjøkkenet heime, med bivoks og steinstøv frå Hanakamjuvet i Kivledalen.

– Men fargar av bivoks og stein frå skog og gruver – har det noko framtid?

– Det er veldig viktig å bruke lokale råstoff, og det er ei stor rørsle som skjer knytt til dette både i USA og Europa, at kunstnarar lagar fargar sjølv. Og det er ikkje vanskeleg heller, forklarar Telnes, og viser fram både hanakam-raud vassfarge og blekk laga av valnøttvamsar. Det å gå attende til naturen på denne måten tenker ho at er eit framsteg.

– Eg vil seie at me går fram att til fortida, seier Telnes.

– No har me jo grøn sundag her, og det er mykje som me må tenke nytt om, meiner eg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har fått alt for lite bord

I det eine hjørnet av salen har Sigrid Brennemo pressa inn ei heil tekstilutstilling.

– Eg har fått alt for lite bord, ler ho.

Permar fulle av heimelaga og heimefarga garnprøver. Vantar, skjorter og liv med nydelege broderi.

Hovudplagg: Sigrid Brennemo tek på seg eit hovudplagg.
Vantar frå Øverland.
Lokalt garn: Brennemo hadde også med permar med garnprøver som er spunne og farga av Gudbjørg Øverland.

– Og sjå på denne turkakluten. Det er eit luksuslommeplagg, og det er bilete av det same i boka, forklarar Brennemo og peikar ivrig.

Tekstilskattane har husflidslaget fått frå Øverland, Ytre Øverland og frå Haugerud på Garvikstrondi.

– Så mykje fint arbeid, eg er glad det ikkje vart kasta. No tek me i husflidslaget vare på det og viser det fram når me kan, på strikkekafé til dømes.

Ein kan seie at det på mange måtar oppsummerer den grøne sundagen i Seljord. Å ta vare på fortida, for framtida.

Luksuslommeplagg: Ein turkaklut i levande live, og den same i boka.